LUKK
Heim / Svalbard: Ekspedisjonseventyret


Svalbard: Ekspedisjonseventyret

Longyearbyen, 78 grader nord! Det er her det fantastiske eventyret byrjer. Dei siste førebuingane skal på plass – litt kaos blir det, men til slutt er pulkar og mat ferdig pakka. Det er ein gira gjeng som går til ro den siste natta innandørs på lenge.




Publisert 23. april 2013

Trangt og humpete. Ei heidundrande reise i beltevogn ventar oss. Med 12 stk. stabla i bakvogna, fem framme og to på scooter, ber det avgarde ut i villmarka. Me slår leir ved Grønfjorden, og rekk ein kveldstur til Barenstburg. Det er som å reisa 50 år tilbake i tid. Kol og slitte bygningar er det me får sjå. Me blir enige om at tristare stad skal du leita lenge etter!  

Barentsburg

Turen får ein litt forblåst start med vind, nedblåste leveggar og snø i lufta. Alt går sakte dei to første  dagane. Teltet er som ein sta hest som steiler og gjer seg vrang, og rutinane er ikkje heilt på plass. Heldigvis for oss roar alt seg snart.  

Dyrerike. Me befinn oss i den kvite bjørnens rike, og bjørnevakt  må me ha. Det er fint å få ein time for seg sjølv. Det er som regel stille (litt snorking kan høyrast frå tid til annan) og himmelen er måla i mange varme fargar. Uheldigvis fangar me ingen bjørn med kikkertane våre, same kor mykje me lokkar. Kvalrossen på den andre sida, treng me ikkje lokka lenge på. Feite og nøgde ligg dei på eit isflak og deigar seg i sola. Svalbardrein, sel og ryper vandrar og iblant oss.

Ei stille, fin bjørnevakt

Kulde. Du veit det er kaldt ute når det isar i panna, og du ikkje får varmen sjølv om du dreg pulk med boblejakke på! Likevel er det nettene som er verst. Når temperaturen kryp ned mot -35 grader, kjenner me det godt på kroppen. Me skulle ønskje me hadde bjørnevakt, berre så me fekk koma  ut å bevega oss – få varmen. Nokre kalde fingrar, tær, kinn og nasar blir det og.                                                         

Lys heile døgnet er noko me måtte venne oss til. Buffen/hua fungerte fint som sovebriller.

Påskevær, evighetsdalen og inga klokke. Det tek ikkje lang tid før rutinane er på plass, pulkane diltar etter som medgjerlege valpar ,og sola får fregnene til å poppa fram! Me lev i vår eiga verd, og bestem at me liksågodt kan leggja bort klokkene. Me går, et, søv og har bjørnevakt etter magefølelsen. Me traskar gjennom Reindalen, som me raskt døypar om til Evighetsdalen! Me går og me går, men etter fleire timar står me framleis på den same flekken. Det er psykisk tungt å gå slik, då er det godt me har ipoden eller ein god turkamerat til å ta tankane over på andre ting. Det blir mange fine samtalar i løpet av turen.  

Reindalen - Dalen som ingen ende tar...

Kvile, stilongs og solings. Den første kviledagen vandrar me ein tur på dagen. Me ser isbjørnspor og får ein nærmare kikk på brefronten til Fritjovbreen. Den andre kviledagen bygg me sofa og legg oss litt for godt til rette. Den einaste gongen me er oppe frå posen, er for å gå på do eller for å lage middag! Sola steiker, me les, et, lyttar til musikk og søv. Nokre får og oppleve ein død Pingo, særleg svensken syns dette var utroleg spennande!  

Kvile i solsteiken

Ingenting er som en varm Capri-sonne på stranda.

Sol, latter, topp og glede. Det er nest siste dagen, og me er blitt bortskjemde med sol og vindstille. Det er den varmaste dagen så langt, og både gutar og jenter kastar klærne, både ein og to gonger!  Me har etablert camp ved Foxpasset og fått i oss ein god middag, før det ber avgarde på ein liten topptur. Me får med oss ein fin solnedgang, og ein artig aketur. Det blir aking både med og utan pulk, og nokre fer raskare og meir elegant enn andre! Latteren sit laust og det er god stemning! Tilbake i campen ventar kokelagsoverraskelse frå dei proffe! :D

Godt å lufte litt etter 10 dagar med same ulltrøya! (Foto: Guro)

Feiring av ein fantastisk tur med heimalaga, eksotiske drinkar! (Foto: Guro)

 

Skriven av: Hanne Gravelsæter 

RELATERT INNHALD