LUKK
Heim / Vårt fyrste eventyr


Vårt fyrste eventyr

Vi var spente på året vi hadde i møte og gleda oss til den fyrste turen!




Vår fyrste tur gjekk til eventyrlege ”Svartekari”. Me joika heile vegen opp til toppen. Derifrå gjekk me eit stykkje ned til eit vatn. Der slo me leir. Bålet vart tent, pølsene brent og otta satt på vent. I Gud sin frie hage, fekk me mat i vår mage og klagane vart vage. Me stoppa på ein utsiktspost, kjende oss litt ”lost” og fekk opplæring i kart og kompost.

Vel framme på Haugen kjende me oss sveitt og ustelt, me tok oss eit bad og sat oss i eit badstuetelt. Vår meisterkokk, han var flott og mekka mat til heile vår gromme flokk. Rundt eit bål, vi lo og sang, pusset tennene og sov natta lang.

RELATERT INNHALD