LUKK
Heim / TUR TIL HAKALLEGARDEN


TUR TIL HAKALLEGARDEN

Minibuss full av fisketenger, liggeunderlag, støvlar, redningsvestar, fjellsko, slukar, mat, soveposar, primus og sekkar! Friluftsliv/ Bu og fritid er klar for linjeveke etter iherdig pakking og gode førebuingar.




601

Fyrste stopp var fisketur med Tor, utanfor Barmen, sør for Stad. Tor tok oss med til ulike fiskeplassar; vi fiska både med stang og harpe. Vi skulle ha fiskesuppe til kvelds og måtte få fisk til suppa sjølve. Det blei ein fin båttur med mykje fisking. Heldigvis fekk vi også fisk!

462

363

Etter fisketuren køyrde vi nord for Stad, til Vanylven og Hakallestranda, der vi sov i hytte på Hammaren. Alle hjelpte til med å lage middag; med skrelling av gulrøtter, steike baguettar, tilbrede fisk og røre i suppa. Og alle hjelpte til å rydde etterpå og lage til dessert! Blåbær, vi plukka i haust som vi har hatt frysaren, med vaniljesaus på!!

267

Onsdag vaska vi fyrst hytta, før vi reiste til Hakallegarden. Hakallegarden var kjempebra! Aina, som eig garden, tok oss med på foring av dyra, gråtassturar og riding! Her var kattungar,flaskelam, geitekillingar, esel, grisar, alpakka og lama for å nemne noko. Vi fekk klappe og vere mykje med dyra! Det var veldig kjekt og vi kosa oss skikkeleg!! For ein fin stad å vere. Her kunne vi ha vore endå lenger!

365

På kvelden laga vi maten ute og sov i lavou ved stranda nedanfor Hakallegarden. På kveldssamlinga, der Elise hadde førebudd quiz, var vi i den store lavouen på Hakallegarden med bål og kakao. Alle var skikkeleg trøtte etter dagen og sov kjempegodt i soveposane sine.

Torsdag gjekk vi fjelltur i Sandvikdalen. Der var det mykje vind og kjempefin utsikt!

Bu og fritid sine kommentarar til turen:

Didrik: Eg likte best å fiske. Eg trur eg fekk eit auge (tang) på kroken. Det var kjekt at Vilde var med.

Elise: Eg likte aller best å gå tur og å vere saman med dyra. Og så hadde vi det løye med quis og høne med slips. Og å ri på hest var gøy. Eg elskar å ri på hest.

Bjørnar: Eg likte å vere saman med dyra, å vere på tur og å nyte kvelden.

Mathias: Eg likte best å vere på tur og vere positiv. Og så liket eg å nyte sommaren og drikke kald god cola.

286

1711

1810

11-(2)

268

RELATERT INNHALD