LUKK
Heim / Spenningskurs på Bjorli


Spenningskurs på Bjorli

Det har vore kjempekjekt og supert å vere med på spenningskurs på Bjorli for Bu-og Fritidslinja.




Så var endeleg den store linjeveka vår her. Vi hadde gleda oss lenge til å reise til Bjorli på spenningskurs. Det er ei vinteraktivitetsveke for ungdom med utviklingshemming. Instruktørar på kurset er elevar ved Møre folkehøgskule, studentar frå høgskulen i Volda, og studentar frå Åbo i Finland. Heile veka har vi kosa oss i skibakken, langrennsløypene og på dansegolvet. Vi har fått skikkeleg hotellkost, så vi har ikkje lidd nokon nød på den fronten heller!

1067

Lisbeth, Magnus og Kristina har fulgt ivrig med på alt som har skjedd, og fekk seg nokre strålande timar i bakken sjølv, så opptatt Bu og fritid vart etterkvart. Alle på linja har hatt kvar sin instruktør, så dette har vore stor luksus. Og med nokre internasjonale studentar med på laget har Alexander fått nytta både spansk- og engelsk-kunnskapane sine, til stor glede for både seg sjølv og studentane! Erling, Espen og Siw gikk på langrenn og John André, Gitanjali og Alexander sto på alpint.

2142

Vi har lært kjempemykje denne veka, og i tillegg til skikurs, har vi fått prøve både hundekøyring, snørafting, og til med ein tur i taubane for dei aller tøffaste. På kveldstid har studentane hatt program, med mykje sang, musikk og moro. Bu og fritid var godt representert på stolleiken fleire kveldar, og stakk nesten av med seiaren fleire gongar! Kvar kveld har det også vore dans, med gamle og gode slagerar som kaptein sabeltann, OL-floka og Vassendgutane på spelelista, så ingen har sete i ro. Stemninga har som de skjønar vore i taket også på kvelden.

2115

Torsdag var den store dagen, med Bjorli Open. Det var opptil fleire konkurransar, både langrenn kort og lang løype, sitski, kjelkeløp og alpint. Alle på Bu og fritid stilte opp i konkurranse! Espen, Siw, Erling og John André gikk langrenn lang løype. Alle gjorde ein formidabel innsats, og gjekk i mål med både fin stil, god fart og med eit stort smil om munnen! Kjempeinnsats! I alpintkonkurransen var det Gitanjali, Alexander og igjen John Andre som stillte på! Alle ga gass og det gjekk fort igjennom løypa! I mål blei alle deltakarane tatt godt imot som på alle konkurransar med jubelbrøl, bølgen og heiarop. Ei veldig god oppleving for alle involverte!

1129

Torsdagen blei avslutta med tacofest, bildeserie frå veka, programkveld og utvida dansetid til langt på kveld. Og her sto høgdepunkta i kø; Espen og Alex klarte endeleg å få Magnus ut på dansegolvet på felles dans (noko dei har prøvd på kvar kveld denne veka, utan hell) Og endeleg gjekk det vegen for Nordfjord i stolleiken. Alex tok rotta på konkurrentane til slutt, etter lang og hard kamp!

3210

Alt i alt har vi storkosa oss, både elevane og personalet! Dette er lett eit (av mange) av årets høgdepunkt! :-)

1062

1192

RELATERT INNHALD