LUKK
Heim / Skylift i Loen


Skylift i Loen

I veke 39 har alle linjene hatt linjeveke. På tysdagen reiste Friluftsliv/Bu og fritid til Loen der vi fekk tatt Skyliften.




img_4363

img_4387

Vi kosa oss, sjølv om det var mykje vind på Hoven. Vi tok mange bilete og åt lunsj ute med fantastisk utsikt. Inger Johanne hadde tatt med mykje ulik frukt og grønsaker + kakao og kaffi. Då blei det god stemning!

img_4395

img_4413

Etter lunsj gjekk vi opp på ein fjelltopp bak på Hoven og tok endå fleire bilete. Stien var veldig fint laga og det var mange vardar å fylgje. Då vi kom på toppen her følte vi at vi flaug! Det var utsyn i alle retningar!

img_4438

img_4464
Aktivitet-klassa  gjekk Via Ferrata same dag. Vi såg etter dei og venta på at dei også skulle kome til toppen, men vi såg dei kun då vi tok bana opp.  
Etter fjellturen tok vi bana ned igjen. Vi var litt tøffare då, og stod heilt framme i gondolvogna for å sjå! Turen med Skyliften tek 5-7 minutt kvar veg. På det høgste svevar kabinane 173 meter over bakken. Bana stig nesten 60 grader. Jammen kilar ein slik tur i magen!! 

img_4486

Her er nokon kommentarar frå oss på oppsummeringa av turen: 
Didrik: Det var gøy å køyre Skylift. 
Espen: Det var flott utsikt. Har ikkje peiling på kor mange bilete eg tok, men det var mange.
Hedda: Eg tykte det var moro med gondolen og då vi åt lunsj! Og så var det moro å leike ”1-2-3-rødt lys”
Mathias: Eg likte godt at vi gjekk på fjellet- heile fjellet opp og heile fjellet ned.
Bjørnar: Eg fekk tatt fine bilete! 
Elise: Det kila i magen då vi tok heisen!
Magny: Eg tykte det var koseleg at Inger Johanne hadde tatt med så mykje godt til lunsj til oss alle - og at alle kom til toppen av fjellet! For ein sprek gjeng!
IngerJohanne: Høgdepunktet var at alle blei med på toppen! Der var det kjempefin utsikt! 

file-1.

img_4492
 

RELATERT INNHALD