LUKK
Heim / Ski, sol og Bedehus i Sogn


Ski, sol og Bedehus i Sogn

Der ingen skulle tru at nokon kunne bu har KRIK vore på ski- og bedehusferie denne veka. Med sauar til nabo har vi kost oss med taco og anna digg etter fine toppturar i Sogn.




Se bildeserie her!

Der ingen skulle tru at nokon kunne bu har KRIK vore på ski- og bedehusferie denne veka. Med sauar til nabo har vi kost oss med taco og anna digg etter fine toppturar i Sogn.

Fyrste dag leita vi etter blånissar på ein solrik topptur til Blåfjellet (1397 m.o.h). Trass mykje lugging på nedkjøringa hadde vi smil om munnen.

0008.God stemning i pausen! Foto: Hildegunn Hellenes

 

Etter mykje leiting fant vi endeleg huset der vi skulle bu i Indrebygdi. Sjølv om staden vert omtalt som «møkkaplass og motbakkar», treivst vi med fin utsikt og gardsidyll. 

 

Etter ein god porsjon havregraut var vi klare for dag to og tur til Grøndalseggi (1423 m.o.h). Her fekk nokre prøve seg på turleiing, noko som var lærerikt for heile gruppa. På grunn av eit bratt heng og flatt lys på slutten blei vi enige om å ikkje gå heilt til topps denne dagen.

0004.

Tre gode turleiarar finner toppen og leder oss trygt opp og ned! Foto: Hildegunn Hellenes

Fornøgde, sletne og svoltne kom vi heim til huset og lagde deilig og etterlengta taco. Dermed var vi klare for tidenes underhaldningskveld. Det innebar leik, song og ikkje minst spøkelseshistorie. Vi greide til og med å setje ny rekord i lengde på ei kveldssamling, tre timar og førti minutt!

Den tredje dagen var vi på ein litt kortare topptur til Vorfjellet (1209 m.o.h). Det var mykje staking på veg ned igjen, noko som gjorde det ekstra digg å avslutte dagen i Lustrabadet. Der var vi saman med Vind & vatn og Ski & surf og kosa oss i basseng både ute og inne.

0002.Maren viser hvordan det skal gjøres! Foto: Hildegunn Hellenes

På kveldssamlinga kosa vi oss med nystekte vaflar. Lars Anders stod for ord for kvelden og det heile vart avslutta med tidenes rave party med hovudlykter i fargerike Nordfjordflasker som strobelys.

Klassen sin aller siste topptur var den turen med desidert vakrast utsikt. Vi nøyt ein god lunsj på toppen av Molden(1112 m.o.h) i solskinn. Etter nokre timar på tur køyrde vi tilbake til skulen. Fornøgde etter ei super linjeveke sovna alle passasjerane sliten i caravellene.

img_6341Rå stemning på toppen av Molden! En av klassens desidert beste topturer i løpet av året! Foto: Lars Anders Hoel

Takk for mange fantastiske toppturer! Nå er det bare en linjeuke igjen og da skal vi elepadle. Dette ser vi virkelig frem til! Snakkes neste uke.

Over og ut - KRIK

 

RELATERT INNHALD