LUKK
Heim / Segling i medvind med Medvind


Segling i medvind med Medvind

Etter ei veke på tokt med Statsraad Lehmkuhl var vind og vatn gjengen gira på meir segling. Då passa det ypparleg med tre dagar på båten til skulen, Medvind.




Turen starta med strålande ver og god stemning. Målet for dagen vart å skaffe fisk til
middag. Vi brukte ein plastbåt til å setje line, i tillegg til å bruke botnsnøre. Sjølv om
botnsnøret festa seg i propellen på plastbåten, gjorde det ingenting når arbeidsjernet
Tore var til unnsetning. Resultatet av botnsnøra var tre makrell, men gleda vart stor då
vi trakk opp lina med store fisker.

Vi overnatta ved Ålfoten og koste oss med fiskesuppe og bål. Gode samtalar og nokre
tårer, i kombinasjon med røyk frå bålet. Slike stunder er vi heldige som får oppleve.
Gjengen fordelte seg for natta i lavvo, eit lite naust og i båten.

På morgonen måtte gjengen som sov i naustet få hjelp til å opne døra, då det var
smekklås på døra utanfrå. Etter frukost på stormkjøkken i sterk vind var det klart for
avgang. Det vart dagen for å prøve seg på segling med storsegl og fokk. Når Sander
syntes at det lukta dritt, var det eit sikkert teikn på at vi måtte slå, grunna kyrne på kvar
side av fjorden. Jibbinga derimot vart ofte litt raskare enn planlagt. Eit forbetringspunkt.

Vi kom oss fram til Rugsund og lagde til campen, medan det vart sett ut nokre
krabbeteiner. Samstundes oste dufta av tacokrydder frå eit naust som vart plassen for
samlinga den kvelden. Taco kjentes ut som eit kulinarisk eventyr! Det vart også tid til
nokre leikar som handla om å forstå eit system. Det vart svært så frustrerande for
enkelte, men vi heldt på heilt til alle hadde forstått, for alle skal med. Kvelden vart
avslutta med kakao og julesongar. PS; ikkje sei noko til julepolitiet.
Tidleg på morgonen vart krabbeteinene henta opp, med tre passe store krabbar. Ikkje
noko problem for denne gjengen å dele på maten. Medan krabbane koste seg i kokane
vatn, naut vi lydane av munnspill og ukulele i fin harmoni. Målet for dagen vart Måløy,
der Medvind ligg og ventar på at linja Ski og surf skal segle med den tilbake igjen til
skulen. Vind og vatn tok derfor buss heim.

RELATERT INNHALD