LUKK
Heim / Opp og ned med VV


Opp og ned med VV

Elefantvitser, overnatting i steinalderhule, punktering og nakenbading. Dette er forteljinga om VVXV sin siste linjetur med terrengsykling og buldring.




Det seiast at eit menneske tek 35.000 val kvar dag. Onsdag morning var mitt første val å aldri få mindre enn 8 timer søvn igjen. I ein sleten tilstand fekk eg forflytta meg til matsalen for mitt daglige glass med Crusli frukostblanding. Måltidet er over, to tomme kopper kaffi står på mitt bord, og dagen er i gang. Planen for dagen er terrengsykling ved Gapahuken - ein aktivitet som er ny for dei fleste i klassen. Klassen møter opp, samtlige 3 minutt for sein, og den sinnsykt bratte grusvegen opp til gapahuken blir bada i morgonsol og gloser frå klassens medlemmer. Etter å ha køyrt over ein stein og under eit tre er vi plutseleg i eit ope landskap med utsikt over til Haffe sitt hus. «Kan vi ha filmkveld der i kveld, Haffe?» spør klassen forhåpningsfullt. «Nei.» 

4untitled-12

Tord "Haffe" Hafnor. Foto: David Kvamme Høvik

Vegen går vidare oppover og første teikn til at vi fortsatt er i Noreg dukker opp når det plutseleg er snø på bakken. Vi går over snøen. Snøen er gått over, sko møter pedal og verden er endeleg i balanse igjen. Toppen er i sikte og klassebiletet blir tatt. Ein lykkeleg gjeng ser utover Nordfjorden. Peter ser nedover på sykkelen. Han innser at han ikkje har demping på sykkelen. For å ta i bruk bileter frå praktiske yrker har Peter det som ein malar som midtveis i ristinga av målinga innser at han har tatt feil farge, og prøver å stoppe spannet med hendene. Herda for all fremtidig smerte i hendene kjem Peter seg ned han óg, og klassen konkluderer med at dette var ein gøy ting å gjere. Hitill har vi berre køyrt på grusveg og vi skal no inn i Elgens territorium. Vi køyrer over ein stein og under eit tre og plutseleg er vi nede. Adrenalinkicket sitter i kroppen i minutter etterpå og klassen fekk den såkalla meirsmaken. 

4untitled-2
Agnes. Foto: David Kvamme Høvik

4untitled-9

Lunsj i Gapahuken. Foto: David Kvamme Høvik

Når vi triller inn i Gapahuken møter Ingrid og Karen oss med muffins dei har baka til heile klassen, og vi et med god samvit.

4untitled-6

Kongen av dyreparken Johannes Timenes. Foto: David Kvamme Høvik

Brettet er fort tomt og vi er straks på syklane igjen. Litt meir krevande terreng møter oss denne gongen, men alle klarer seg bra og med unntak av ei punktering av klassens komande stipp - Emilie - kjem alle fram i god behold. Anders stipp ordner som vanlig opp og Emilie er snart igang igjen. Klassen samlar seg og Haffe ber oss dusje fort og ta på litt fine klær. Klassen kjem fram til at dress og kjole vil vere det einaste riktige, og vi møter opp klare til å gå i matsalen for middag i det Haffe bryter tausheten. «Vi skakk i matsalen. Vi ska te MÅNA LISA!» Tre sekunder med stillhet følgjer. Etterfulgt av full jubel i det firedobbelte. Klassen har prata om Mona Lisa tur sidan Haugen, og endeleg skjedde det. På Mona Lisa er langbordet dekka og absurde mengder pizza kjem på løpande band inn i rommet. Tradisjon tro forsyner eg og Ingeborg oss grovt av godsakene. Vi let maten synke og høyrer Haffe sei at det er 10 minutt til vi skal vere i bilen. Tidsbevisste som vi er finn vi ut at dette er tidspunktet til å ta klassebiletet på brygga. 30 minutter seinare sit vi i bilen med to heilt ubrukelege iPhone bileter og ein oppgitt sjåfør. 

2untitled-17

Vel framme på skulen tek vi eit nytt klassebilete og takkar Haffe for dagen. 

 

Torsdag morning møter alle presise av ein eller annan merkeleg grunn, og vi set oss inn i bussen i det vi får vete at vår bil nr 2, tilhøyrande Magnus «Mango», ikkje vil opne seg etter ein lett nøkkelskyll i vaskemaskina. Stian finn fram reservebilen og VVXV brenner asfalt nok ein gong. Oldedalen er målet og målet blir nådd. Melkevoll Camping vert blåst liv i og ein steinaldarhule blir vår heim. Klassen bur på treplankar, steiner og det som ellers måtte være av naturlige materialer og er godt fornøgd med det.

2untitled-30

Vi buldrer på steinbratt, steingod og steinpåsopp og sola varmar opp kropp og sjel. Hengekøyer heng rundtom i trea, Exped-stolene er planta på bakken og Agnes og Anna er limt til buldreveggen heile dagen. Slakk line blir hengt opp og det er generelt avslappa stemning i den potensielt vakraste dalen på jord.

3untitled-11

På kvelden forsvinn sola bak dei mektige fjella og vi må gå høgare opp for å nyte dei siste timane med naturleg bruning. Vi går opp Keiser Wilhelms sti og bak til Briksdalsbreen, kor dei av oss som ikkje set pris på varme bader. To ganger. Ein liten gjeng vart igjen for å nakenbade utan at det har noko spesiell underholdningsverdi i denne teksten utover at den skapar ein spennande ingress.

3untitled-15

Ingrid i smeltevatnet. Foto: David Kvamme Høvik

Kvelden kjem og vi lagar Gyros på bål til middag. Det smaker knusedigg. Dette er Haffe.

2untitled-29

Taffelaffen. Foto: David Kvamme Høvik

Dagen etterpå byrjar det å regne så vi rekk berre 1 time buldring, men då samlast vi i steinalderhula vår og lagar bål. Ola og Haffe høyrer på noko utruleg lokalintern humor frå Stavanger som skaper litt klein stemning i klassen, men Ola sin ville latter dekker over ein kvar sosial kleinhetssprekk. Timane går i god prat, frisbeekasting og bryting og plutseleg er vi på veg heimover. Ein fullverdig avslutning på Vind og Vatn sitt skuleår. Tusen takk for alle dei gode stundane!

 

#vinnåvinnåvinnåvannvannvann

VVXV

Haffe Squad 2015-16

4untitled-15

<3

RELATERT INNHALD