LUKK
Heim / Lofoten, del 2


Lofoten, del 2

Norske eventyr hadde ein fantastisk tur i Lofoten. Her får du eit dikt over dei fire siste dagane.




Les del 1 her

Dagen alle hadde venta på, surfing skulle vi gjere nå.
Tok på oss våtdrakter, det var ikkje lett.
Dro ned til stranda, fekk kvart vårt brett.
Nå skulle alle prøve å stå, dette skulle gå!

Det vart fort mange tryn, for eit komisk syn.
Nærmare midnatt vart pizza servert,
den vart fort konsumert.
Surfarane på filmen var raske som lyn, lastebilen var fjernsyn.

Neste morgon var det lite vind, men vi stilte med åpne sinn.
SUP* skulle vi prøve,
på brettene kunne ein sløve.
På klippehoppinga gjekk vi all in, og leika som eit barneskuletrinn.

Neste dag topptur det vart, Fløya og Djevelporten fant vi på kart
På toppen av Fløya tok vi ein lur,
deretter fortsatte vår tur.
Opp til djevelporten med stor fart, mange fine bilete det vart.

Resten av dagen turister vi var, isen i Kabelvåg var spiseklar.
Det var fortsatt sol og finvær,
derfor besøkte vi Henningsvær.
På kvelden var himmelen klar, Aurora Borealis over den bar.

Torsdag måtte vi vente, kjøre minibuss - vente.
Sjekke inn på flyplassen - anspente.
Reise med fly - fastspente.
Bestille pizza på Gardermoen og vente, kjøre nattbuss heim - gjenforente.

 

*Stand Up Paddle

RELATERT INNHALD