LUKK
Heim / Liten rapport frå Svalbard-gjengen


Liten rapport frå Svalbard-gjengen

No er det allereie ei veke sidan Ekspedisjon reiste frå Nordfjord for å oppsøke arktiske forhold. Vi høyrer lite frå dei, og det er eit godt teikn, men det er jo hyggeleg med ein SMS!




Ny melding frå Svalbard tysdag 19.04.:

"Da er vi godt plassert i solveggen på siste hviledag. Alt er vel, kaldt og strålende!"

Ekspedisjonsklassen kjem heim att laurdag 23.04.

 

Klassen la ut frå Longyearbyen søndag 10.04.og blei frakta med beltebil innover mot Colesbukta.

På tysdag fekk vi denne meldinga:

"Hei, vi har akkurat komt til Barentsburg etter å ha gått plan B gjennom Synndalen, Istjørndalen og Grøndalen, pga en del kald nordavind. I dalene har været vært bra og stemninga er topp. Nå fortsetter vi mot Fridtjovhavna. Der møter vi Øytun folkehøgskule om noen dager."

Yr.no melder om strålande sol, lite vind og 15-16 minus dei neste dagane, så dette kan verte veldig bra. Ferda går vidare langs Van Mijenfjorden, inn til Kaldbukta, gjennom Reindalen og over Battfjellet før ein kjem ned att i Adventdalen.

Her ser de bielte frå ein tidlegare tur inn mot Fridtjovbreen.

RELATERT INNHALD