LUKK
Heim / Linjeveke i Hallingdal


Linjeveke i Hallingdal

Måndag 24.9 køyrde me til Ål i Hallingdal. Me hadde eigentleg andre planar den veka, men grunna veret var det mange klassar som endra planane sine. Så då reiste Ski og surf, KRIK og Fjellsport saman til Hovda i Ål, der me satt opp camp.




20180928_111009.

På tysdag vart det klatring på feltet Natten. Der fekk me prøvd oss på mykje fin klatring, og nokre prøvde seg på led-klatring. Me fekk også ei lita innføring i naturleg sikring, og fekk prøve å sette nokre kiler. Det vart litt dramatikk den dagen då Øyvind stipp fekk eit fall på led. Han dunka foten i fallet, noko som dessverre resulterte i eit brot i ankelen. Sjølv om det var veldig leit, haldt Øyvind fortsett på det gode humøret sitt.

received_1934220559987255.

Onsdag var det opplegg på tvers av linjene, med aktivitetar både før og etter lunsj. Før lunsj var kunne ein velje mellom terrengsykling, klatring og turn. Etter lunsj var det meir terrengsykling og klatring, i tillegg til fjellspringing. Etter ei innhaldsrik dag var det godt å komme tilbake til camp å lage middag. Nokre fekk ikkje nok av klatringa og hadde ei kveldsøkt på steinar i område rundt campen. Mykje artig buldring i området! På kvelde vart det skikkeleg månelyst med fullmåne og klar himmel, utruleg fint å ligge å sjå opp på stjernene.

Torsdag var det klart for terrengsykling for heile klassen. Me vart shuttla opp dei fleste høgdemetera, så me fekk mykje billig moro. Etter ein tur på kvar side av Nesbyen hadde alle masse svarte prikkar over heile kroppen, grunna våte stiar og regnvêr. Etter skifting til tørre klede og ein liten køyretur til Hemsedal, var me klare for klatreparken Høyt & Lavt. Denne natta var me saman med KRIK på ein campingplass i Hemsedal.

20180927_124628(0).

På fredag måtte me stå opp litt tidlegare enn dei andre dagane, men det var verd det. Dagens program var via ferrataen i Hemsedal. Når me byrja på turen vart me møtt med ein nydeleg soloppgong. På toppen var det god utsikt, der me kunne sjå alle årstidene på ein gong. Snø var det nok av, og det vart litt snøballkrig og tulling på veg ned. Nydeleg tur.

gptempdownload(1).

Etter ei innhaldsrik veke var det godt å slappe av i bussen på veg tilbake til skulen…

gptempdownload.

RELATERT INNHALD