LUKK
Heim / Oppdatering frå Svalbard


Oppdatering frå Svalbard

Siste rappport frå ekspedisjonsklassa før dei når fram!




Oppdatert tysdag 17.04.: Ruta inn mot Longyearbyen vart altså annleis enn tenkt, men humøret og moralen har vært skyhøgt heile vegen. Forøvrig i sterk kontrast til skydekket. No er siste leir rigga opp og det er klart for ein triveleg kveld før det er tid for å skli ned til byen.  Alt meget vel i exped-leiren!

Oppdatert søndag 15.04.: Klassa fekk eit litt overraskande møte med mildvær torsdag. Dermed tok dei seg inn på Camp Morton, ei norsk fangsthytte ikkje så langt frå Fridtjovhamna.  Her fekk dei tørka opp kle og utstyr. Ettersom dette åt opp litt av tida, har dei bestemt seg for å ikkje gå via Grøndalen, men tilbake til Longyearbeyen omlag same vegen som dei kom ifrå. Sidan det er lyst døgnet rundt brukar dei no døgnet litt uavhengig av klokke og vanleg døgnytme. Det funkar fint! 

Laurdag kveld var dei komne hit:

 

Å vere på ekspedisjon betyr m.a. å legge vekk klokke og berre vere på tur utan mobil og andre ting som forstyrrer. Difor er avtala ganske tydeleg på at ingen beskjed er god beskjed! :) 

Men i går var det kviledag, og vi fekk denne rapporten: 

"Vi kom til Fridtjovhamna igår rundt lunsj til et nydelig vær! Det har vi forsåvidt hatt ganske mye av til nå. Idag ligger vi på rekke og rad og nyter hviledagen på verdens fineste sted! Moralen er på topp til tross for litt sykdom i starten. I morra pakker vi pulkene og går mot Longyearbyen via Barentsburg og Grøndal" 

Her er bilete frå Fridtjovhamna: fridtjovhamna

Forsidefoto: Henk Bril

 

RELATERT INNHALD