LUKK
Heim / Konsert med Trygve Skaug 10.februar


Konsert med Trygve Skaug 10.februar

Vi inviterer til ei herleg konsertoppleving!




Det skjer så mange fine ting! Ein veldig fin ting er at Trygve Skaug kjem til Gloppen og Vereide kyrkje, laurdag 10.02. kl. 1900.

Trygve Skaug har etterkvart vorte eit stort namn i Noreg innan vise/visepop-sjangeren. Han arbeider mykje med tekstmateriale og har også markert seg som poet. Dei siste åra har mykje av musikken hans rulla og gått på radio, og han har spelt for utselde hus mange stader i landet. No er han også Spellemannspris-nominert. Akkurat det forstår vi veldig godt! I tillegg til elevane på Nordfjord folkehøgskule håpar vi difor at mange finn vegen til Vereide denne kvelden. Det vert ei stor musikalsk oppleving, og mykje godt både for hovud og hjerte. 

Pris: 200,- for vaksen. Barn til og med ungdomsskulen: gratis. 

Det er førehandssal av billettar på Lauget på Sandane. Sal av billettar i døra,- dørene opnar kl. 1840. 

Arrangementet er del av Vinterfest i Gloppen, og vert arrangert med stønad frå Stiftinga kyrkjelydsarbeid i Gloppen.

 

RELATERT INNHALD