LUKK
Heim / Kokelagstur for Friluftsliv/ Bu og Eventyr


Kokelagstur for Friluftsliv/ Bu og Eventyr

Friluftsliv/ Bu og fritid har vore på kokelagstur i Bjørkedalen. Her kjem det elevane sjølve sa om turen:




Sjå bildeserie frå turen her

Gitanjali: «Vi har hatt fine turar.  Det var moro at støvelen til Siw satt fast i gjørma. Og så har vi hatt fine måltid.»

Alex: «Vi hadde konkurranse om å skalle i taket.  Og så leda eg gruppa opp til ei steinhule, som eigentleg berre var steinar. Også laga eg speilegg, hjelpte til å lage frukost og det var moro. Og eg har laga middag og eplekake med Siw. END.»

John Andre: «Eg sov ute med Magnus, det var kjempekjekt. Det var nesten som å vere med i sove-ute-konkurranse. Det var hardt å ligge på plattingen med liggeunderlaget, men eg sov godt. Mi greie er å ligge på marka med liggeunderlaget. Vi spelte og «Den forsvunne diamant» . Eg fekk røvaren, blei konkurs med ein gong. I morgon skal eg, Erling og Espen lage frukost. Espen skal både koke egg og lage speilegg og eg skal dekke på bordet og vi skal smøre niste. Vi skal og rydde heile hytta.»

Erling: «Vi har gått bratt. Eg spurde: Har dokke tenkt på korleis vi skal kome oss ned igjen? Det var betre å gå ned, men det var bratt det også.»

Siw: «Eg hadde hull i støvlane.  Det var det verste. Det beste var turen til Helsetsætra. Eg klarte å kome meg opp!! Eg syntes det var veldig moro å gå over alle elvane.»

Espen: «Fiskinga har vore dårleg. Vi fekk mykje salat på kroken. Og det har bøtta ned!»

RELATERT INNHALD