LUKK
Heim / Friluftsliv/Bu og fritid på nye eventyr


Friluftsliv/Bu og fritid på nye eventyr

I tre dagar i slutten av april var Friluftsliv/Bu og fritid ute på tur og ferda gjekk til Barmen og Hakallegarden.




Sjå bildeserie frå turen her

Tysdag pakka vi med oss lavvo, soveposar, liggeunderlag, kle til all slags ver og rikeleg med mat.  Vi hadde også med oss fiskeutstyr.

Onsdag sette vi kursen mot Barmen der Magny har sommarhus. For å komme til Barmen må ein ta ei lita ferje med plass til totalt 10 små bilar. Det var kun 3 bilar på ferja når vi fór over, og dette vart turens første attraksjon. Det resulterte i hoppebilder og god stemning før vi la til kai på Barmen.

img_3353

Vi innlosjerte oss i sommarhuset, åt lunsjen vår og kledde oss til fisketur. Vi var så heldige at vi fekk vere med ein lokal mann som heitte Tor ut med båten hans. Med både harper  og fiskestenger var vi spente på om det vart fangst. Og det vart det – Didrik halte opp en 7kg tung torsk, noko som skapte stor ståhei om bord og som resulterte i at ferskvannsfiskestanga hans var så bøygd at vi var redde for at den skulle knekke.

dsc_0478

Etterpå fekk både Jan og Espen sei på kroken. Elise fekk Espen sin sluk på harpa si, og var såleis med på å dra opp fangsten. Når vi kom i land gjekk vi ned i fjæra og sløyde fisken. Måsene var glade når vi delte innmaten med dei. Til kveldsmat vart det ei kjempegod fiskesuppe med sjølvfiska fisk – stor stas. Espen hadde kveldssamling og las ei soge frå Island.

Torsdag pakka vi oss ut av sommarhuset, tok ferja over til fastlandet og sette kursen mot Hakallegarden. På Hakallegarden er der mange forskjellige dyr og vi fekk sjå blant anna alpakka, lama, hundar, påfuglar, kalkunar, hestar, geiter, purker og esel.

dsc_0501

Alle fekk prøve å ri. I tillegg fekk vi ein køyretur med traktoren Gråtass. Vi fekk mate både lam, fuglar, høylandsfe og purker. Og så hadde dei ei stor trampoline vi fekk hoppe på. Det var mykje kjekt å sjå og gjere, og vi storkosa oss. Etter nokre timar på garden gjekk vi ned til stranda der vi skulle slå leir. Vi delte oss i to grupper – den eine sette opp lavvo, den andre laga middag. Etter middag slappa vi av litt, før vi gjekk opp igjen til Hakallegarden. Der var det ein stor lavvo bygd i tre, og denne fekk vi låne. Vi fyrte opp bål, tente lys og kosa oss med bålvafler og heimelaga pizzasnurrar. Elise hadde kveldssamling med utgangspunkt i songen ”Eg er ei perle for Jesus”, og lærte oss denne til slutt. Etterpå fortsette vi å synge frå songheftet Kristina hadde laga. Så gjekk vi tilbake til lavvoen vår, pussa tenna og pakka oss godt ned i soveposane.

Etter ei litt kald natt med frost var det godt å stå opp til strålande sol. Vi åt god frukost på langbord og smurte oss niste. Så køyrde vi opp til garden for å seie ”ha det” til dyra. På veg tilbake til skulen stoppa vi på Nordfjordeid for fredagshandel og innkjøp av laurdagsgodt.

Det var en kjempefin linjetur og vi storkosar oss i lag!  

img_3506

RELATERT INNHALD