LUKK
Heim / Elvekajakk i Våtedalen


Elvekajakk i Våtedalen

Friluftsliv/KRIK, 2. - 4. oktober




Tysdag
Fyrste dag med elvekajakk gjekk føre seg ved fjæra nedanfor skulen. Me var delt inn i to grupper, der den eine var i vatnet, og den andre på land.

img_2304

I vatnet var målet for dagen å bli kjent med kajakken, og lære ulike teknikkar for å komme seg opp igjen etter kvelving. For å halde på varmen i vatnet, spelte me polo, der to båtar på sjøen vart nytta som mål. Leikinga gjorde også at folk vart tryggare, og spelet blei ein kombinasjon av leik og teknikktrening.

img_5087

Gruppa på land øvde på å brenne bål. Me grilla pinnebrød og kokte kaffi.

img_5084

Onsdag
Andre dag med elvekajakk gjekk føre seg i Våtedalen. Gruppa i elva arbeida vidare med teknikken. Den stille sjøen me hadde vore i dagen før, gjekk over til elv med relativt lite straum. Dagens fokus var å beherske og takle straumen i elva. Den eine gruppa fekk også prøve å surfe på bølgene. Det vart også moglegheit for å bli sleppe ned frå eit lite drop for dei som ynskja det.

gptempdownload-9

img_2380

Gruppa på land fyra opp bål, og laga deileg eplepai i kjele. Det var også sett opp lavvo med omn. Denne var behageleg å trekkje inn i etter ein kald dag i elva.

1img_2409

25c81977-de30-4b9f-a4a1-80e4e5895a1b

 

Torsdag
Den tredje, og siste dag med elvekajakk, var me ved Vassenden. Her var straumen betrakteleg mykje sterkare enn i Våtedalen. Etter å ha øvd ei stund på traversering og kanting, følgde me straumen eit stykke nedover elva. Dette syntes dei aller fleste var både kjekt, spanande og skummelt på same tid.

img_2452

1img_2461

Gruppa på land sat inne i den varme lavvoen, og hadde lovsong som samtaleemne. Alt i alt var dette nokre kjekke og lærerike dagar. Elvekajakk var ei ny oppleving for dei fleste i klassen, og ved hjelp av flinke og dyktige instruktørar, gav dette meirsmak for mange.

Takk for turen!

RELATERT INNHALD