LUKK
Heim / David mot Goliat


David mot Goliat

Kvar var du når vinnåvinnåvinnå vann klassekampen?




Veke 17 markerte eit vendepunkt i skuleåret 2015-16. For som i ei bra skriven krimbok vart den store overraskinga spart til slutten. Aldri undervurder VVXV(...)

2untitled-9

David & Ingeborg. Foto: Johannes W. Timenes

Det heile byrja med ein vanleg tysdag morgon. Klokka er 07:15, alarmen går av og som vanleg kjem det ein grovhalsa kommentar frå det andre hjørnet av rommet. «I dag var det tungt å stå opp asso.» Kleda er på og eg tek fatt på vegen til matsalen. Det er dagen for den store klassekampen og ein merker spenninga i matsalen. Dei rutinerte klassane har smørt nista si dagen før for å spare tid. 

Som vanleg er det heller få VV-elevar som berikar matsalen med sitt nærvær i den tidlege morgonstund og eg tek mi crusliblanding i hand og slår meg ned på det lettast tilgjengelege bordet. Minuttane går og matsalen tømmer seg i takt med påleggsbordet. Tre og eit halvt knekkebrød og ein kopp kaffi er det einaste som står på bordet i det namnebrørne i klassen sig inn døra. 

2untitled-16

Sara og bursdagsbarnet Ingrid. Foto: David Kvamme Høvik

Første post på klassekampen er kameratredning og båtkunnskaper og våre fagre badenymfer Emilie og Anna hiv seg uti kajakken. Ola og Ingvild tar ansvar for å gje namn til dei forskjellige båtdelane på den gamle båten som står i naustet.
Andre post handlar om klatring og førstehjelp.
Tredje post er turplanlegging og kart- og kompass.
Fjerde post er at heile klassen skal lage bål i grupper på to fortast mogleg.

2untitled-3

Anna ofra seg for klassen. Foto: David Kvamme Høvik

Vel oppe på grasbana utanfor skulen igjen er det finale. Alle klassane skal sette opp telt og koke opp vatn i kokelaga på under 20 min. Vi har sjølvsagt to defekte primusar og eit øydelagt telt, men på mirakuløst vis fullfører vi i tide. Skulen samlast og Lars Ove les opp kva 3 klassar som kjem i finalen. Bak meg vert det diskutert høglydt om kven av Ekspedisjon og Norske Eventyr som kjem til å  vinne. Ski og Surf…», «Fjellsport…» og «… …. … Vind og Vatn?»

Ei latterkule sprer seg i klassen i det vi innser at vi har tredd inn i det gjevaste lag og ein viss følelse av patriotisme og sjølvtillit (som vi aldri har kjent på før) dukkar opp i våre hjartar. Det er Quiz og kvar klasse skal sende fram ein representant som skal svare på spørsmålet, men det er kun lov å sende kvar person 1 gong. Vi får riktig svar på første spørsmål og jubelen står i taket, ein får juble for det lille ein får til, tenkjer vi. Spørsmål nr to svarer vi riktig på. Og tredje. Og fjerde. Og dei riktige svara fortsetter å renne inn. 

2untitled-5

Jonki. Foto: David Kvamme Høvik

Til slutt står vi igjen med kva tresort som brenn best og heile Noregs julekake (Johannes Sævik) trer fram. Bjørk. Vind og Vatn-ropet rungar utover Gloppens fjelltoppar og Haffe kjem med seierskringla frå det lokale bakeriet. Kven hadde trudd at dette skulle skje? 

Nordfjords vinnerklasse det er vi,
Vind og Vann var på Bali.

stianhehe

Klassens store stjerne i klassekampen, Stian. Foto: David Kvamme Høvik

 

#vinnåvinnåvinnåvannvannvann
VVXV
Haffesquad 2015-16

RELATERT INNHALD