LUKK
Heim / Camping x Topptur


Camping x Topptur

Veke 16 festa Vind og Vatn fellene til skia igjen og bega seg ut på pudderjakt.




Toppturveka vart ikkje heilt som klassen hadde planlagt - Sunnmørsalpane blei Jostedalen, telt blei campinghytte og Vind og Vatn blei ikkje triste av den grunn. Måndagen gjekk med til planlegging av toppturane vi skulle på og ein kveldssamling som seint vert gløymt. Rom 118 vart fylt av den glade gjengen for ein heilaften med stippens runde, dilemmaer, ein apell av Ola og eit studie i favorittelementet vårt vatn. 

Tysdag møtte vi klare til tur og 0km/t vart fort 80. Vår kjære lærer Haffe si speleliste frå Balituren (høyr den her) pøste ut av stereoanlegget og skapte like mykje debatt i folkemengda som Sex Pistols gjorde seint på syttitalet. Ein tretimers busstur er ikkje å forakte for ein klasse som ikkje er kjend for å oppsøkje puta i dei tidlege kveldstimar og morgon vart snart natt i minibussen. 20% vaken og smalauga hoppar vi ut av bussen, tek på feller og ski og siger sakte oppover mot dagens mål - Vangsen. Ingrid, som lider av kronisk uflaks og ekstrem mental styrke, nærmast drog hofta si (som ved to anledningar dette året spratt ut av ledd - seinast forrige veke) oppetter fjellsida, men måtte til slutt gi tapt. Noregs tøffaste dame går Vind og Vatn!

1untitled-5

Nedkøyringa frå Vangsen. Foto: David Kvamme Høvik

Når vi kom lengre opp på fjellet og Haffe tok oss igjen etter å ha gjort sitt fornøde, dukka sola opp for fyrste gong den dagen og nettingullen var det einaste vi trengde på kroppen. Det varte derimot ikkje lenge før snøen dalte ned på våre vakre ansikter og gjorde dei raudlege og søte. At minusnedbøret har ein innverkning på vårt ytre er berre bra for den blomstrande romantikken i klassen, men verre for skredfaren og eldsterådet (bestående av Tord «Haffe» Hafnor, Anders «Simon Stippelipp» Eskeland og Aina «Pregz» Lemming) fann ut at det einaste fornuftige var å smelle av fellene og fly nedover. Skuffelsen over å ikkje nå toppen vart fort gløymt då vi glei nedover fjellsidene på det nye pudderlaget i sollys og godt lag. Når vi landa i våre vanlege sko og Haffe førte oss til campingplassen i Jostedalen var jubelen stor - det var rein luksus for ein klasse som var vant med telt. Nachosen vart ekspedert inn i ovnen, kveldssamlinga vart unnagjort og klassen låg seg med god samvit. 

1untitled-12

Kokelag 5. Foto: David Kvamme Høvik

 

Å forklare følelsen av å stå opp i ei varm hytte, og kle på seg kleda sine før ein topptur når ein som regel gjer det i telt, for nokon som ikkje går på friluftslivskulen.no er ein stor utfordring. Det vert litt som Platons hulelignelse - ein veit ikkje korleis det er før ein opplev det sjølv (så søk difor i dag).

3untitled-27

Foto: Elisabeth Netland

1untitled-30

Lærarkjærleik på toppen av Molden. Foto: David Kvamme Høvik

Dag 2 og topptur 2 gjekk til Geisdalsnosi og Kvitekoven. Av ein eller annan grunn var fleire i klassen smitta av den same forkjølinga (hehe) og èin minibuss var nok for skulens største klasse. Moralen var likevel skyhøg i klassen og somme vart kanskje litt vel reve med. Etter tilsnakk og irettesetjing frå pedagog Haffe var det ingen som gjekk i for høgt tempo eller over små haugar, framfor den lange vegen rundt - «førr de spare vi kræfte på». Eit par gnagsår rikare og kaloriar fattigare sat vi i fjellsida og åt lunsj. Her delte klassen seg i to - nokre ville gå både Kvitekoven og Geisdalsnosi, medan andre (som undertegnede) var godt nøgde med berre Geisdalsnosi. Dette angra vi ikkje på, for opp mot toppen lærte vi verdifull kunnskap av ekstralæraren denne veka, Aina. På toppen delte Thea moderlig ut Solo til folket og Ingeborg og eg forsynte oss grovt. Nedkøyringa gjekk fort og eit tynt område med småtre lagde ein naturleg alpinløype som vi peiste på gjennom. 

Terningkast:

Oppover: 5+

Nedover: 5

Haffe sin musikk: 4

Stippen vår: 6

1untitled-35

Anders stipp. Foto: David Kvamme Høvik

 

På kveldssamlinga meldte Haffe at han skulle fortelje ei historie om Jostedalsrypa. Fleirtalet i klassen sat spente og venta gjennom heile forteljinga på den ville twisten når jenta som den handlar om aldri blei funnen og fortsatt vandrar i dei store fjella, men det var visst ikkje ein skummel historie og Haffe mottok den påtvungne høflige applausen. Peter, i eit forsøk på å vinne hjartet til Haffe og halve jostedalens befolkning (vind og vatn klassen), fortalde ein historie som faktisk var litt creepy og jubelen stod i taket. Haffe takka for seg og tok ein tidleg kveld.

Dag 3 og bassengbesøk 1 vart til Gaupne i Lustrabadet. Grunna dårlege værmeldinger reiste Nordfjord United (Vind & Vatn, Ski & Surf & KRIK) til det vi trudde skulle vere eit 12,5 meter basseng med suspekt reinhold. Dette er til dømes ei promotering på nettsida.

skjermbilde-2016-04-24-kl.-12.02.48

 

Det viste seg likevel at alle våre fordommer mot tettstadar kalla Gaupne var feil - det var eit mangfald av bassenger der. To utebasseng på 34 og 10 grader, eit stort symjebasseng samt ein grotte som heldt ein heilt vill temperatur for å nemne noko. Det gjorde godt for våre stive sjeler å slappe av i varmen og det var ein overhengande kjensle av samhold i mitt nye favorittbasseng denne aprildagen. Klassane sa sitt farvel, reiste kvart til sitt og panseret vart igjen vendt mot vår kjære camping. Trygt framme, men med tinitus og særiøse problemer med å forstå nokre av songane på Haffe si liste (les: Schfifty Five av Group X), førebudde vi gåva vi kjøpte til vår kjære stipp. Anders Eskeland, mannen som har leda skulens kanskje mest surrete, treigaste, engasjerte og patriotiske klasse gjennom det som er av turer og utfordringar, hadde sin siste linjeveke med oss denne veka. Det var med tungt hjarte vi måtte høyre Anders sine siste ord til oss i kveldssamlingsamanheng, men det vart ein fin avslutning på eit flott år. Klassen sa òg det som dei ville seie til eit av våre viktigste og største førebileter dette året. Tårer trilla, latteren hang laust og Anders vil aldri, aldri bli gløymt. Ein gong VVXV, alltid VVXV. Ein underhaldande quiz om klassen, laga av Elisabeth og Jorid, vart holdt og kvelden vart med det avslutta på ein verdig måte. 

1untitled-22

Jorid og Elisabeth. Foto: David Kvamme Høvik

Dag 4 våkna vi alle på putar dynka i våre eigne tårar, men Anders var der heldigvis fortsatt når vi gjekk ut hyttedøra. Planen for dagen var at Nordfjord United skulle gå topptur til Molden og det var ein motivert gjeng som tok skia fatt på vår siste topptur som klasse. Det var lite snø i byrjinga og vi måtte gå på beina deler av turen, men etterkvart kom vi fram til snøen og vi kunne gli oppover på denne korte toppturen. Utsikta over Sognefjorden var enorm og i ekte VV-stil vart det mange stopp for bileter. Ein ny Vind og Vatn song vart laga på turen opp og sola smørte oss i anletet. Å stå på toppen av Molden - for siste gong på ein fjelltopp med ski ilag med klassen - og ta vinnåvinnåvinnåvannvannvann ropet var ein enorm kjensle og det var vanskeleg å ikkje bli rørt. Nedkøyringa var avslutninga verdig og det var smil overalt rundt oss. Bilturen var prega av soving og ein rastlaus Andrea utan at vi treng å gå meir inn på det. 

1untitled-15

Alt i alt var dette ein strålande tur og den perfekte avslutninga med vår kjære stipp. Veka vart avslutta med slippfest for Baliplakaten 2016:

ferdigplakat7050crop4mini

Haffe Squad 2015-16

VVXV

#vinnåvinnåvinnåvannvannvann

 

RELATERT INNHALD