LUKK
Heim / Stadlandet og Hakallegarden!


Stadlandet og Hakallegarden!

Vi susa av gårde med den grøne minubussen etter lunsj på tirsdag, ut mot havet! Alle på linja var med, friske og raske, og veldig klare for tur! Magnus, Magny og Kristina var også med.




Fyrste stopp blei Vestkapp, og der var det mange som ikkje hadde vore før. Det hadde regna og blese ganske mykje på turen ut, men då vi parkerte på vestkapp, skein sola opp og viste plassen og utsikta frå den beste sida. Det bles godt på toppen, men det gjorde ingenting! Det blei mykje bildetaking og tøys utanfor den nedlagde kafeen der oppe.

3012

Så gjekk turen vidare til Ervikstranda, og vi åt niste og leika i sanden. Vi skreiv namna våre i sanden, balanserte på steinane og sprang om kapp med vatnet. Det bles og regna, men etter kvart dukka sola opp også der.

1069

Før vi reiste vidare og innlosjerte oss på hyttene blei det selfølgeleg ein obligatorisk snopestopp på butikken. Vi skulle bu i hyttene til ei dame som har vore læraren til Magny. Det blei ei jente-hytte og ei gute-hytte. Jentene laga middag og vaska opp fyrste dagen, så gutane fekk slappe av. Så avslutta vi dagen med snop og kveldssamling. Onsdag sto vi tidleg opp og gjorde oss klar til Hakallegarden. Der blei vi tatt godt imot av trivelege folk. På Hakallegarden har dei mange dyr, over 100 stk. Dei har kattar, hundar, hestar, esel, alpakka, lama, geiter, sauer, flaskelam, ungarsk ullgris, påfugl, ei snakkande papegøye og mange fleire. Les meir  om Hakallegarden her: http://www.hakallegarden.no/

1164

Det var dyr overalt som ville ha kos, og som tøysa det dei kunne. John André fant seg ein alpakka som han gikk i stirrekonkurranse med, men konkluderte ganske fort med at han for ein gong skuld fekk problem med å vinne ein slik konkurranse. Kristina fekk ein katt på skuldra og opp i ansiktet, som absolutt skulle ha kos, og hestane nappa i alle som kom nær, så ivrige dei var på å få litt kos. Vi fekk vere med på mating av fleire dyr, nokon av dei totalt uinteressert i maten vi kom med og nokon villare enn værst ved synet av mat. Då vi skulle mate sauene, fant Gitanjali eit egg i sauebåsen til full forvirring for alle. Nokre på linja var litt skeptiske til dei mest voldsomme dyra, men tok utfordringa på strak arm, og klarte det med glans.

2108

Mange fekk seg ein tur på hesteryggen, og alle blei med på traktortur. Føraren av traktoren gjorde turen meir spennande enn vi kunne drøyme om, så turen blei gjentatt opptil fleire gongar i løpet av dagen, til full jubel og applaus frå passasjerane.

1139

1140

Ved lunsjtider gjekk vi inn i ein stor tømmerlavvo midt på garden, der vi fekk steike ostesmørbrød på bål. Det var ein god lunsj. Det var også ein slags souvenirbutikk på låven, der var det mykje rart. Dei solgte alpakkagarn og strikkeprodukt, t-skjorter, matboksar og termosar med artige tekstar på, godteri og heimelaga sylter og mykje anna. Då vi reiste derifrå var vi ganske blide og fornøgde alle saman, og fjøslukta hang godt i bussen! Så var det gutane som skulle lage middag og vaske opp, mens jentene fekk slappe av. Etter middag laga vi vaffelrøre, tok på oss  godt med regnkle og gjekk ned i fjæra i kulingen. Espen og Gitanjali fanga småkrabber, Siw og Erling lærte seg å hogge småfliser med kniv, mens Magny jobba hardt med å få i gang eit bål. Magnus sto for pauseunderholdning og oppvarming når folk blei kalde, og banana-songen ljoma i vinden. John André er den store kaffikokaren på bruket og sørgja for at dei som ville det fekk i seg varm drikke. Alex gikk rundt og skapte god stemning i det litt humørtunge veret. Kristina og Magny prøvde å steike vaffler på bålet med det nye vaffeljernet vårt. Ein ting er sikkert; det hjelp ikkje med olje, når eit jern skal innviast, og steikast inn. Det lyt smør til, i store mengder. Vi fekk det til, til slutt. Så blei det så vått at vi evakuerte inn og laga lappar av resten av røra. Så hadde vi kveldssamling og Magny leste eit kapittel av favorittboka vår, ”Tonje Glimmerdal” før vi tok kveld.

074

Torsdag vaska vi oss ut av hyttene. Vi hadde tross alt ikkje hatt skikkeleg rom og kle denne veka, så det blei heller ein svært oppegåande utvask. Den utvasken ville gjort Grethe husmor enda stoltare av oss enn ho allereie er, hadde ho sett det. (For vi er ganske flinke til å holde det ryddig og reint rundt oss, noko andre elevar kan streve litt med somme tider.) Mens utvasken blei avslutta fekk Magnus lagt inn ei økt  med tøys og tull, eller gym som han likar å kalle det. Så det var ein trøtt gjeng som satt seg i bussen. Så bar det heim til Nordfjord, der vi likar oss aller best! Takk for turen :-)

277

3003

RELATERT INNHALD