LUKK
Heim / No er det ikkje mogleg å bestille julehjelp lenger


No er det ikkje mogleg å bestille julehjelp lenger

Vi har opplevd stor interesse for vårt tilbod om julehjelp, og har no ikkje fleire elevar disponible. Prøv igjen neste år!




Mange av dykk har kanskje benytta dykk av dette tilbodet før, og vi gler oss over å kunne tilby dette også i år. Systemet er enkelt: Du bestiller, og dei vaskar kjøkkenet, stablar ved, bakar peparkaker, passar ungane dine, ryddar hagen din etc, alt etter kva du kjem på at du vil ha hjelp til. Og til slutt betalar du, 400 kr per elev som arbeider.

Arbeidsdagen er frå ca 9.30 til ca 14.30, altså 4-5 timar arbeid. Du kan bestille så mange elevar du vil, og du må vere snar før andre har bestilt alle. Det er veldig fint om du kan møte og instruere arbeidshjelpa di nøye, slik at du får ting som du vil ha dei. Det er også veldig bra om mange har sjanse til å skysse elevane til/frå heimen, då blir kabalen vår litt enklare.

Info om betaling med Vipps:
Vel «kjøp og betal»
Søk: #85971 Nordfjord Folkehøgskule
Vel «bistand»
Gje gåva di
Takk!

Når du bestiller julehjelp, så støttar du bistandsprosjektet elevane våre er engasjerte i:

Dei samlar inn pengar til utbygging og drift av eit sjukehus i eit svært fattig distrikt i Nepal i samarbeid med Normisjon. Du kan lese meir om prosjektet her: 

http://friluftslivskulen.no/bistand

 

Bestill julehjelp via denne linken:

https://docs.google.com/forms/d/1KEN9v9MmzcVO6_DcqsO7DpyZCroSXa1E86Ytnb1cn_I

 

eller på telefon 57868040

RELATERT INNHALD