LUKK
Heim / Friluftsliv/Bu og fritid, høgdepunkt hausten 2015


Friluftsliv/Bu og fritid, høgdepunkt hausten 2015

I siste linetime før juleferien fekk elevane på Friluftsliv/ Bu og fritid spørsmål om kva som hadde vore høgdepunktet i løpet av hausten. Fyrst måtte vi kome på alt vi hadde gjort saman. Det var mange turar og opplevingar å kome på. Dei kom fram til at dette måtte ha vore høgdepunkta hausten 2015:




Les rapportane frå dei andre klassane her: Aktivitet / Ekspedisjon / Fjellsport / Jakt og fiske / KRIK / Norske eventyr / Ski og surf / Vind og vatn

 

 

Espen: «Statsraad Lehmkuhl var det beste! Eg har hatt så lyst å reise med den båten. Men eg var sjøsjuk i to dagar,- ein gong måtte eg springe ut å spy.»

Alex: «Eg tykkjer det kjekkaste var swing-seminaret. Det var veldig kjekt å danse!! Eg har også likt å bade med stippane, og sklia har vore det gøyaste.»

Gitanjali: ”Eg likar at vi har vore så mykje ute på tur på torsdagar. Eg hugsar best turen til Haugen, fordi då hadde eg bursdag! Eg blei vekka av Magnar (lærar)  og alle (dei andre elevane på FBF) i lavvoen av bursdagsang!!”

Siw: ”Eg likte best turen med Statsraad Lehmkuhl- og at vi sov i hengekøye! Det var litt bølgete.”

Erling: ”Det kjekkaste har vore bading med stippane. Vi sym. Og så likar eg fotbad.”

John Andrè: ”Statsraad Lehmkuhl var veldig kjekt å oppleve,- og å vere på Shetland. Eg kjøpte ikkje noko Shetlandsgodteri, berre litt. Eg var inn på ein butikk saman med Gitanjali, der var det litt av kvart. Eg kjøpte godteri på tax-free’en på Statsraad Lehmkuhl. Eg blei litt svimmel på turen, men eg spydde ikkje. Viss eg måtte spy, så måtte eg ha spydd i renna. Og så snorka eg så Magny (lærar) vakna når vi låg i hengekøye. ”

 

RELATERT INNHALD