LUKK
Heim / Fag / Fagstoff / Turmat


Turmat

På Nordfjord folkehøgskule satsar vi på god og næringsrik turmat. Dette ønskjer vi skal vere ein viktig del av førebuinga før turen og opplevinga undervegs. Slik vil vi det skal det vere anten det dreier seg om eit gourmetmåltid tilberedt på sjusteinsomn eller ei kaloririk turkake fortært sittande på pulken etter ein lang dagsmarsj.




Mat i det fri

I 2010 ga to av friluftslivlærarane på skulen ut boka "Mat i det fri" på Selja forlag. Boka presenterer enkle teknikkar for matlaging utandørs som på bål, i kokegrop, jordomn, sjusteinsomn eller på steinhelle. Oppskriftene er basert på lett tilgjengelege råvarer, og rettane spenner frå varmrøykt røye til sjokoladefondant i appelsin. Den eine av forfattarane, Per Momrak, jobbar framleis på skulen. Vi andre har lært oss mange av oppskriftene, og vi deler dei gjerne med deg. Dette gjer vi i eigne seminar og valfag eller som del av linjeundervisninga.    

Boka Mat i det fri (Selja forlag)

Turkjøkken

I 2013 opna vi eit nytt turkjøkken på skulen. Kjøkkenet skal brukast til laging, posjonering og pakking av turmat - og til bearbeiding av vilt. Rommet har flislagd golv, kjøkkenbenkar med fleire koketoppar, oppbevaringsboksar for tørrmat og stålbord for bearbeidng av maten. I tillegg vil finst det mattørkemaskinar og eit stort fryserom som bidrar til at maten vi lagrar skal halde seg godt både i det vi reiser på tur og mens vi er på tur. 

 

Ressurshefte

Vi har laga eit hefte med oppskrifter på turmat som vi lagar på turkjøkkenet. Bruk det gjerne om du skal legge ut på korte eller lengre turar. Her finn du oppskrifter på bananbrød, honningkake, loganbrød, havrebombe, snickerskake, kokoskake, havrebrownie og nøttebar. I tillegg får du tips til mengdeberekning og tørking av kjøt. 

Heftet finn du her.

 

 

RELATERT INNHALD