LUKK
Heim / Opplevingar / Songtekst til "Fagre fjellheimen"


Songtekst til "Fagre fjellheimen"

Her er teksten til Nordfjordsongen - betre kjent som "Fagre fjellheimen". Songen vart skriven av Amund Mork frå Stryn i 1920.




Fagre fjellheimen opnar seg,
ljuvlege Nordfjorden svingar
Inni landet og finn seg veg,
vent under Gjengalundsbringa.
Langt inne solbjarte snøfjelli
kyrr honom tvingar.

Feders veg ut til vikingferd,
spegel åt grendene blide,
batt i hop desse bygder her
alt ifrå eldgamle tider.
Gidrar og bliktar når solstrålar
leikar i lider.

Bredar glitrar i gull om kveld,
blåblanke fjellvotni blinkar.
Bekkar sildrar og fossar fell.
Havet med rikdomen vinkar.
krunhjort i skogar og villrein
ved storbreden linkar.

Under fjellet ved fjord og sund
og kring i fjellfriske dalar
hagar blømer, og gamle tun
vyrdsamt om fedrerne talar.
Attanfor høgåsen stølsjenta
hullar og hjalar.

Eg, lik fedrane kjenner godt,
at eg i kjærleik er bunden.
Til mitt Nordfjord i stort og smått,
radt ned til rosa på runnen.
Blakken og båten og ljåen
og lidi og lunden.

Gamle Nordfjord, Gud signe deg!
Mannsemne, her vil du finne
deg ein høveleg framtidsveg
saman med stråløygde kvinne.
Arven de ber på er fullgod
og fram skal de vinne.

RELATERT INNHALD