LUKK
Heim / Om skulen / Slik søker du / How to apply


Slik søker du / How to apply

Nordfjord folkehøgskule har ingen søknadsfrist, men vi startar opptaket for skuleår 2017/2018 den 1. februar 2017. Opptaket held fram utover vinteren, og sjansen for å innfri førstevalet er størst om du søker så raskt som muleg!



Vi oppmodar alle som ønskjer å ta eit år hos oss om å søke så snart som mogleg, sjølv om det er ikkje er noko i vegen for å søke heilt fram til skulestart. 

 

SØKNADSKJEMA FOR 2017/18

 
If you are a non-Norwegian citizen, please go to our international application form and find the government's information on how to apply for residence permitStudents from countries outside the EU/EEA area are required to document a financial subsistence guarantee as a condition to be granted a residence permit to attend a folk high school in Norway.      
 
 
Opptakskriterier

Opptaket startar 1. februar. Då tildeler vi plassar etter følgande kriterier:
* dato for søknad
* jamn kjønnsfordeling på linjene
* vi prioriterar søkjarar over 18 år
* vitnemål/fråvær

Vi har god søknad frå både jenter og gutar, og i dei siste åra er det mange søkjarar som desverre ikkje har fått plass. Nokre linjer vert fort fulle. Det er derfor lurt å søkje tidleg.

På linjesida til Bu og fritid finn du informasjon om eigne opptakskriterier til denne linja.

Dersom du blir tatt opp som elev, vil du motta eit brev frå skulen der vi legg ved eit infoskriv frå linjelæraren din om linja di, ein giro for innmeldingspengar som for tida er på kr 2 800, og ein Nordfjord-treat. Vi opererer vanlegvis med ein frist på ti dagar for å betale innmeldingspengane. Dette fungerer som eit svar på om du tar plassen eller ikkje. Etter dette har du ein angrefrist på 14 dagar etter angrerettloven kapittel 3.  I opptaksbrevet du mottek ligg det også ved eit angrerettsskjema.

 

BILDESERIAR, TURRAPPORTAR OG ANNA FRÅ Friluftslivskulen