LUKK
Heim / Fag / Linjefag / Ski og surf

Linjefag: Ski og surfEit heilt år med fri flyt

Det handlar om å flyte. Om å vere på toppen av elementa. Om å finne den rette kjensla i laussnøen ned frå kvasse vestlandsfjell. Eller blant bølgjene ute i Hoddevika ved Stad. Du skal ut og leite etter den rette balansen. Ut og leite etter dei største opplevingane. Du skal på roadtrip, på leit etter pudderparadis i heile Norge.

Du kan ikkje surfe gjennom heile livet. Men du kan surfe gjennom eit heilt skuleår i Nordfjord.



Ski og surf innhald

Surfing på Stad
Skikjøyring i anlegg
Pudderjakt i Norge
Toppturveke i Romsdalen
Terrengsykling
Bretur
Elvepadling
Havkajakk
Klatring
Toppturar
Førstehjelpskurs

10 dagar
5 dagar
8 dagar
5 dagar
2 dagar
3 dagar
2 dagar
3 dagar
5 dagar
10-15 dagar
2 dagar

Skredkurs
Vandretur på hausten
Snøholetur
Skiveke i Hemsedal
Segltur med Statsraad Lehmkuhl
Kokelagstur
Pilegrimsvandring
Åleinenatt
Tinderangling
Segling

3 dagar
3 dagar
3 dagar
5 dagar
5 dagar
3 dagar
3 dagar
2 dagar
3 dagar
3 dagar

 


Ski og surf - Nordfjord folkehøgskule from Nordfjord fhs on Vimeo.

MEIR INFORMASJON OM TILBODET PÅ LINJA

På linja Friluftsliv/Ski og surf har vi hovudfokus på friluftsliv, ski og surf!

På hausten reiser vi fort til Hoddevika, på Stad, når bølgevarslet ser bra ut. Her ute er det ofte gode forhold både for nybegynnarar og for dei som har surfa før. Mengdetrening er viktig for at vi skal bli flinkare og få skikkeleg glede av aktiviteten. Det er litt kav i starten, men det er verdt det.

Vintersessongen her i Nordfjord er ofte lang. Er vi heldige får vi ein tidleg abstinensskitur i oktober, men elles startar sesongen for fullt i november-desember. I starten er vi nokre dagar i anlegg for å få inn litt grunnleggjande skiteknikk. Så startar topptursessongen, og de pudderkledde nydelege vestlandsfjella ligg berre og ventar på oss. 

Skredvurdering er ein svært viktig del av skikøyringa på linja. Vi set av mykje tid på turane til å gjere vurderingar for å ferdast trygt i fjellet. I tillegg til tre dagar med skredkurs saman med heile skulen, er heile vintersesongen vår eit langt skredkurs. Nydelege toppar og djupt, urørt pudder er prikken over i-en.

På denne linja får du eit bredt spekter av aktivitetar i tillegg til ski og surf. Du får ein god smakebit av klatring, kajakk, bre og mykje anna. Friluftsliv gjennomsyrar alle aktivitetane vi driv med. Du får mange overnattingar i telt haust, vinter og vår. Middagen i teltet smakar som oftast nydelig etter ein lang dag med sekk på ryggen. Den gode samtalen rundt bålet på kvelden heng òg høgt.

Det er godt å vere på tur. Det er godt å vere saman på tur!

Her finn du pakkeliste for Friluftsliv/Ski og surf

BILDESERIAR, TURRAPPORTAR OG ANNA FRÅ Ski og surf