LUKK
Heim / Opplevingar / Sigrid Sævik, Gausdal


Sigrid Sævik, Gausdal

Kva får ungdomar frå heile landet til å investere i eit år på Nordfjord folkehøgskule?




-Det er godt å få lov til å vere. Å berre vere Sigrid. Heime hadde eg det ganske hektisk, var leiar i tensing, speidarleiar, konfirmantleiar, trente, tok skulen ganske seriøst…når eg vakna om morgonen låg eg og planla dagen min og alt som skulle skje.

No øver eg meg på å planlegge mindre.

På internatet er det mange seine kveldar, og masse koslege folk over alt. Av og til tenkjer eg: Burde eg gå og pakke til tur eller ordne noko anna? Men så tenkjer eg at nei, no skal eg berre sitte her og strikke saman med dei andre. Her prøvar eg å leve i ”nuet”, eg prøvar å nyte ”no”. Det er ein stor overgang. Eg er takknemleg.

RELATERT INNHALD