LUKK
Heim / Seminarlaurdag


Seminarlaurdag

Vi har hatt eit interessant seminar med Dessima Williams, tidlegare ambassadør frå Grenada, og spesialrådgjevar for FN.




Dei fleste av oss i Norge kjenner til bærekraftsmål som gjeld klima og miljø, men det er ikkje mindre enn 17 mål innan ulike deler av tilværet FN har vorte einige om å arbeide saman om fram mot 2030.  Du kan kikke meir på desse her!

Denne laurdagen var alle elevane  på seminar i Fjærland og bremuseet, og der hadde Dessima Williams foredrag som berørte mange av desse måla. Mellom anna var ho innom kva som skjer i hennar heimområder i Karibien når breane smeltar her nord. Med stigande havnivå og meir alvorlege orkanar i tropiske strøk er det mange menneske som ikkje har nokon stad å flykte og som heller ikkje har ressursar til å bygge opp att det som vert øydelagt. Vidare utfordra ho alle til å vere med å ta ansvar for at verda i 2030 ser annleis ut enn den gjer i dag. Til dette treng ein mange dedikerte og bevisste menneske som vil leve for andre enn seg sjølve, og ta valg som er annleis enn dei generasjonane har gjort tidlegare. 

Vi vart utfordra og fekk mange tankar, og det var mange som ville snakke med mrs. Williams i etterkant.  

Etter lunsj reiste vi til Bøyabreen og fekk sjå konkret korleis breen hadde trekt seg tilbake dei siste 20 åra. Skulen sin sjølvutnevnte bre-nerd Annichen gav oss mykje god info om nettopp brear, ved hjelp av bla. ein Japp-sjokolade. Slikt gir varig læring! (biletet er forøvrig utan Japp)

SAKER FRÅ ARKIVET