LUKK
Heim / Rapport frå toktet med Statsraad Lehmkuhl


Rapport frå toktet med Statsraad Lehmkuhl

Heile gjengen er på tokt denne veka, og her kan du sjå litt av det dei opplever




 

Forsidefoto: Kristian Bulow-Berntzen

Fredag morgon kunne ein igjen sjå norskekysten. Eirik Holm har knipsa ein vakker soloppgong frå skipet: 

Og her er alle saman samla på dekk ved innseglinga mot Bergen. 

Torsdag vart ein god dag i rom sjø, med god seglvind og dei aller fleste i godt slag. Då er det flott å vere på Nordsjøen! 

 

Gode venner på seiltur🌟 #nordfjordfhs #fhsliv #friluftslivskulen #nokresporvarerevig

A post shared by Solveig Jess Tjøstheim (@solveigtjess) on

 

(foto: Grethe Vik)

 

Rorvakt med Sunniva🤘🏻#nordfjordfhs #friluftsskulen #fhsliv

A post shared by Ingvild Paulsen Vie (@ingvildpv) on

Onsdag kveld er det igjen tid for å legge ut på havet. Ein veldig fin dag på Shetland med guida busstur til Scalloway, krigsminnemuseum, litt shopping og kafe.  Her er eit bilete frå Scalloway:

 

foto: Grethe Vik

Onsdag skal brukast på land på Shetland. Overfarten har vore prega av mykje rulling og mange gler seg nok veldig til å sette beina på fast grunn igjen. Det er god stemning ombord og ein herleg gjeng som er gode til å hjelpe og ta vare på kvarandre! 

Her er nokre glimt frå innseglinga til Lerwick: 

Tysdag har det vore hav på alle kantar og alle dei ulike vaktlaga er i gong med arbeidet sitt. Litt lite seglvind og ein del gamal sjø. Og mange som kjenner på sjøverkjen. 

Måndag var det tid for å entre skipet. Og vel ombord gjeld det å få opphengekøyene. Bu-og fritidslinja kosar seg!

 

Så lastar ein ombord: 

(foto: Eva Starheim)

Her er bilete frå seglinga ut Nordfjorden. Sanneleg ikkje nokon dårleg start!  

 

Fjordviews outbound for the Northsea. #statsraadlehmkuhl #visitnorway #fjord #tallship #bergen #nordfjordfhs

A post shared by Kristian Bülow-berntzen (@kristianbulow) on

SAKER FRÅ ARKIVET