LUKK
Heim / Om skulen / Fond / Historia til PV


Historia til PV

Prosjekt Villmark var ei tverrkyrkjeleg stifting som arrangerte villmarksturar og kurs frå starten av åttitalet til midten av nittitalet. Denne stiftinga vart til i 1985 som ein fusjon av "Bre og Fjell" (som sprang ut av Indremisjonsselskapet i Nordfjord) og det gamle Prosjekt Villmark (som var knytta til Ten Centeret i Oslo).




"Bre og fjell" og "Prosjekt villmark" 

Bre og Fjell og det gamle Prosjekt villmark hadde i utgangspunktet nokså ulike arbeisformer. Bre og fjell dreiv brekurs med ein profil som tydeleg kunne tilbakeførast til kristen leirverksemd. Det gamle Prosjekt Villmark sitt turopplegg var sydd over ein mal henta frå Discovery Expedition sitt villmarksopplegg i USA. Det som begge hadde felles, var ein klar visjon om at villmarksliv og frilufts-aktivitetar kunne brukast til meir enn rein rekreasjon. Begge gruppene hadde som formål å medverke til modning og vekst hos deltakaren, både på det personlege, kristne og mellommenneskelege planet.

Samanslåing

Kontakten mellom dei to gruppene vart knytta i samband med at leiarar frå "Bre og fjell" reiste til USA for å studere Discovery Expedition sitt arbeid der. Ved tilbakekomst til Norge var det naturleg å ta kontakt med det gamle Prosjekt Villmark. Eit nært og godt samarbeid utvikla seg fram til samanslåinga i 1985. Det nye Prosjekt Villmark, eller PV, har sidan samanslåinga i hovudsak arrangert turar for faste oppdragsgjevarar. Bibelskular, kyrkjelydar og rehabiliteringssenter har vore dei største oppdragsgjevarane, men det har og vorte halde turar for andre etablerte grupper. Turane har i denne perioden vore sterkt prega av tenkinga og metodane som PV fann hos Discovery Expedition. Ord som gruppeprosessar, kunstige verkemiddel, og naturen som reiskap var sentrale omgrep i denne samanhengen.

Aktivitetstilbodet spente frå naturretreat og leiartrening, til turar og kurs innan klatring, bre, segling og padling.

Nordfjord folkehøgskule si rolle

På slutten av nittitalet av nittitalet inngjekk Prosjekt villmark eit tett samarbeid med Nordfjord folkehøgskule om vidareføring av ideane bak stiftinga. Tidlegare elevar, stipendiatar og lærarar overtok no ansvar for størstedelen av aktivitetstilbodet, og dei fleste aktivitetane vart lagt til Nordfjord. Her kunne folk melde seg på brekurs, seglkurs, padlekurs, klatrekurs, Jostedalsbreen og Folgefonna på langs - for å nemne noko. Kursa var tilpassa både etablerte grupper og opne påmeldingar alt etter som kven som var i målgrupppa. Etter nokre år gjekk Prosjekt Villmark for fullt inn i Nordfjord folkehøgskule og utgjorde i nokre år all kortkursverksemd innanfor friluftsliv. Fleire av dei faste turleiarane reiste sommaren 2002 på studietur til Honey Rock Camp i Wisconsin og Outward Bound i Minnesota. 

Det vart gjennomført kurs og teambuilding for bedrifter, og sommarleiarne til Tråkk  leigde inn PV-instruktørar for å bidra med bre- og klatreføring. Turleiarane i Prosjekt villmark bestod framleis av tidlegare elevar og tidlegare tilsette med til dels lang reiseveg til Nordfjord. Ei regeledendring for folkehøgskulane førte til at alle som skulle undervise i eit kortkurs måtte vere tilsett ved folkehøgskulen. Samtidig opplevde Nordfjord folkehøgskule ein enorm vekst i elevtalet til hovudkursa sine etter omlegginga til friluftslivskule. Desse to hendingane førte til at kursa til Prosjekt Villmark vart lagt på is frå slutten av 2000-talet .  

Kva gjekk Prosjekt villmark ut på?

Grunnlag
Prosjekt Villmark var ei stifting som dreiv verksemda si på eit tverrkyrjeleg kristent grunnlag. Dei ønskte gjennom villmarks- og fellesskapserfaringar:

  • å virke til personleg utvikling, kristen tru og vekst hos den enkelte deltakar og for gruppene som deltek.
  • å gje deltakarane ei oppleving av naturen som Guds skaparverk, mennesket sin plass i skaparverket og behovet for ei ansvarleg forvalting.

Med villmarkserfaring meinte ein erfaring der mennesket kjem bort frå det daglege tilveret og vert plassert i nye omgjevnader der den vanlege tryggleiken vi støtter oss på ikkje er til stades. Med felleskapsserfaring meinte ein erfaring der den einskilde saman med andre i gruppa skal møte og takle oppgåver og utfordringar. PV såg det som viktig å utfordre deltakarane fysisk, psykisk, sosialt og andeleg, og dermed gje dei rom til å utvikle seg som heile, integrerte menneske.

Arbeidsform og innhald
Arbeidsformen og innhaldet på turane varierte naturleg nok med kva for opplegg ein deltok på, men i botnen låg eit ønskje om å legge til rette for ei oppleving av naturen som Guds skaparverk. PV ville at ddeltakarane skulle lære noko nytt om det aktuelle området og miljøet og korleis ein trygt kunne ferdast der. Gjennom kontrastfylte opplevingar, utfordring, fellesskapsøvingar og samtalar undervegs, meinte PV at vi kunne lære noko om oss sjølve og kvarandre. Under morgon- og kveldssamlingane fekk deltakarane høve til og halde eit "ord for dagen", og gruppa fekk tid til å reflektere over hendingar på turen.

Det kristne innhaldet
Prosjekt Villmark stod for eit heilskapssyn på tilværet, der det å vere kristen er ein integrert del av livet og der trua får praktiske konsekvensar. PV ønskte at dette skal prege verksemda. Det var eit mål at turopplevingane for den enkelte og gruppene skulle gjere tydeleg viktige prinsipp for korleis vi opptrer overfor kvarandre.

Villmarkstjeneste
PV har gjennom mange år arbeidd med grupper, der naturen har vorte brukt som klasserom. Gjennom samver over fleire dagar i grupper, har vi sett korleis menneske på nytt har oppdaga dei enkle spelereglane i livet. Verdiar blir tydelege, tilhørsel får ny meining, samhandling blir ikkje berre eit ord, men noko som må til for at gruppa skal fungere. Livet som utspeler seg på desse turane vert tydeleg, prosessane blir lettare å sjå og dermed enklare å arbeide med. PV meinte difor at dei rammene som naturen ga oss, var av dei beste pedagogiske arbeidsreiskap som finst.

Medarbeidarar
Våre medarbeidarar har solid kompetanse innan friluftsliv og rettleiing av grupper på tur. Dei har også god kjennskap til det aktuelle turområdet, og vil sørge for trygg ferdsel.


(Kjelde: Revidert prosjektbeskrivelse, Prosjekt Villmark 1995)


 

 

RELATERT INNHALD