LUKK
Heim / Fag / Prosjektveker


Prosjektveker

Valfrie veker. I prosjektvekene er timeplan eit framandord. Då er det store enkeltprosjekt i ei heil veke, og du kan for eksempel delta i revy, tradisjonsmatlaging, toppturar, jakt, praktiske byggeprosjekt, klatretur til Frankrike, bibelskule, treningsleir, kystveke, vinter-telttur, kajakkbygging, kurs i teikning og maling eller kiting.







a) Prosjektveker i november


Revy
På 14 dagar arbeider vi fram årets revy! Og du kan plutselig ha ei hovudrolle, bli låtskrivar, vere musikar, sminke, synge på scena, prøve noko heilt anna enn å springe rundt på fjellet. To artige og uforgløymelege veker! Vi avsluttar dei to revyvekene med å vise revyen på familiedagen. 

Kajakkbygging
I løpet av skuleåret kan du byggje din eigen kajakk. Kajakken er ein sørvest-grønlandsk type som har vore brukt til tur og fangst på havet i hundrevis av år. Vi byggjer ei ramme av treverk. Under bygginga brukar vi enkle hjelpemiddel. Sjølve skroget vert bunde i hop med pluggar og tråd. Ramma vert trekt med seglduk. Seglduken vert så behandla med olje. Vi lagar også padleårer og skjørt til kajakken. Du vil altså kunne reise heim med komplett utstyr for kajakkpadling.

Praktiske uteprosjekt
Heldigvis er verda full av handverkarar. Folk som liker å ta i eit tak. Kvar haust ventar nye prosjekt. Enten det er restaurering av ei gamme eller utviding av ein gapahuk. Og når dei to vekene er over, kan du for alltid vite at du har sett spor etter deg i Nordfjord.

Kurs i teikning og måling
Grunnleggande teikneundervisning i blyant, kull og tusj. Når vi går vidare til olje, akryl eller akvarell vil vi ta utgangspunkt i eit klassisk, naturalistisk uttrykk, og samtidig motivere eleven for å finne sin eigen stil og uttrykk. Hovudvekta vil liggje på oljemåling.

Klatring i Frankrike
Når høstkulda kjem til Vereide, så set vi oss på toget til vi til Frankrike for å møte veggen og hundrevis av klatreruter. Her skal vi utforske klatremulighetene i Fountain Bleu. Her vi bur vi tett ved dei ulike veggane. Her lover vi to uker med god stemning og bratt læringskurve. Turen passer for deg som har vært borti litt klatring tidligere.

Din tur
Planlegg og gjennomfør din eigen tur, aleine eller gruppe. Ca 20 elevar er øvre grense for kor mange som kan få oppfølging på dette ”faget”. Prosjekta må møte følgande kriterium: 

  1. Det baserar seg på friluftsliv, og har eit stort element av læring innan friluftsliv
  2. Kreativitet
  3. Det må vere ein god plan rundt tryggleik
  4. Lengda på prosjektet
  5. Korleis du/de vil dokumentere prosjektet i etterkant

 

b) Prosjektveke i desember

Den første veka i desember lar vi timeplan være timeplan. Vi spreier oss rundt om i landet på ulike prosjekt. Nokre stikk på jakt med geværet i handa. Andre vil oppleve havet, enten det er på 20 meters djup eller i eit skip lasta med liner, teiner og garn.
I ein svett gymsal vert det jakta på personlege rekordar samtidig som skulekjøkenet utfordrar til uhøgtidelig kokkekamp. I formingsavdelingane blir det produsert julegåver, både dei mjuke og dei harde. Og som om ikkje det er nok; dei snøkledde Vestlandsfjella lokkar skiglade elevar ut på tur - med og utan kite.

Her ser du ei oversikt over kva prosjekt vi har hatt tidligare:
Jaktveke
Kystveke
Treningsleir/topptur
Utstyrslaging
Knivmaking/Smiing
Kiting/topptur
Bibelskule
Tradisjonsmat og julegodt
Film

 

c) Prosjektveke i mars

Når våren er i anmarsj kjem den siste prosjektveka for året. Då er vårskiturane begynt å bli skikkeleg fine, og med godt grunnlag frå tidlegare toppturar er det ei fryd å leike seg ned frå topptur eller skianlegg. Kanskje vil du heller prøve ei god økt på sløyden, ein tradisjonell og flott skitur på Sunnmøre eller å henge under skjermen og suse over viddene? Du velger. 

Du kan velje mellom følgjande prosjekt:
Vintertur - 5 dagar gjennom Tafjordfjella
Handverksdagar
Kiting
Skianlegg/toppturar på Sunnmøre og i Nordfjord


 

RELATERT INNHALD