LUKK
Heim / Opplevingar / Øyvind Lindgård, Trondheim


Øyvind Lindgård, Trondheim

Kva får ungdomar frå heile landet til å investere i eit år på Nordfjord folkehøgskule?




- Det beste med friluftsliv er følelsen av å vere fri. Oj. Det var svulstig. Men det er sånn! Å berre kunne vere på tur, og ikkje trenge å tenkje på noko anna.

Høgdepunktet hittil i skuleåret er Molladalen på Sunnmøre. Heilt klart. Det å klatre på Bladet var ei stor oppleving. Og så var det stort å berre vere i dette området og denne fjellkjeda, og å bestige dei spisse toppane. Det var spesielt då heile klassa klatra opp på eit litt for lite platå, og vi stod der og såg utover skylaget under oss der dei spisse toppane stakk opp. Det var spektakulært.

RELATERT INNHALD