LUKK
Heim / Om skulen / Kva kostar eit år på Nordfjord folkehøgskule?


Kva kostar eit år på Nordfjord folkehøgskule?

Det varierer frå elev til elev kor mykje skuleåret kostar. På grunn av ulike undervisningsopplegg og ulike turar, kostar nokre linjer meir enn andre.



For skuleåret 2017/2018 vil kostnadane for elevane ligge mellom 106 700 og 121 800,- kroner. I denne summen ligg alle utgifter til kost og losji, linjerutgifter (inkl utanlandstur for dei linjene som har det), innmeldingspengar, felleskostnadar og skuleturar. Det som kjem i tillegg er utgifter til valfag og prosjektveker. Vi har mange valfag og prosjekt som er gratis, slik at dei som vil, kan velje valfag og prosjekt som ikkje gir ekstra kostnad.

 

Stipend og lån
Det er høve til å søke om stipend og lån frå Statens lånekasse for utdanning. For skuleåret 2016/17 var øvre lånesum kr 103 950,-. Av dette kan norske elevar få kr 41 580,- omgjort til stipend. I tillegg till lån kan du få reisetipend (maks) kr 8 033. Støtta blir utbetalt kvar månad, første gong eit par veker etter skulestart. Deretter vanlegvis kvar 15. i månaden fram til mai. Nye satsar for stipend og lån vert fastsatt i februar 2016. Lånekassa oppfordrar alle om å vere tidleg ute med søknad om stipend. 
Søk om stipend og lån her: Lånekassen

 

Innmeldingspengar

Etter at du har søkt og eventuelt fått tilbod om skuleplass, vil du motta eit brev som fortel korleis du går fram for å stadfeste plassen. Her ligg det ved ein giro for betaling av innmelingspengar. Dette beløpet er for tida på kr 2 800,-. Innmeldingspengar er ei avgift som alle folkehøgskulane har i samband med opptaksprosessen. Avgifta blir betalt som ei stadfesting på at eleven tar i mot plassen. Avgifta er ikkje refunderbar med mindre søkaren angrar innanfor ein angrefrist på 14 dagar etter innbetaling. 

Tabell 1: Innmeldingspengar

  Innmeldingspengar 2017/2018

2 800

 

Skulepengar for skuleåret 2017/2018

Undervisninga på folkehøgskulen er gratis. Det du betalar for er i hovudsak kost og losji, reiser, forbruk av utstyr og enkelte kurs. Prisen for ditt skuleår er altså avhengig av linje og kva du vel i prosjektveker og valfag. Det totale reknestykket for skulepengane vil sjå om lag slik ut:

Tabell 2: Generelle kostnadar (med forbehold om små justeringar)

  1          Kost og losji (rom, mat og tilgang/drift/vedlikehald skule/internat) - fordelt på to prisklassar. Normal/høg standard: kr 73 500,- (115 plassar med private bad på romma) og noko enklare standard: 67 600,- (20 plassar med tilgang til fellesbad) 67 600 - 73 500
2 Skuleturar. Inkluderer bl.a. tre felles skuleturar: Segltur med Seglskipet Statsraad Lehmkuhl til Shetland i september, skisinstruksjon i Hemsedal i januar og avslutningstur/pilegrimsvandring på Stad i mai.   9 500
3 Felleskostnader. Inkluderer ma. leige av stort utval av friluftslivsutstyr (telt, kajakkar, kanoar, kitar, bre- og klatreutstyr, surfebrett og våtdraktar, pulkar etc.), drift av transportfasilitetar (bilar og båtar), årskort til bade- og treningsanlegget Trivselshagen, internett, informasjonsutgifter og utflukter) 13 000
4 Linjepris (sjå detaljar i tabell 3 lenger ned) 13 800 - 23 000
5 Prosjektveker (sjå info i tabell 4 lenger ned) sjå tabell 4
6 Valfag (sjå info lenger ned)  
= DIN SUM* (inklusiv innmeldingspengar) frå 106 700 
til 121 800

*Denne summen gjeld for dobbeltrom og vanleg diett. Dei som ønskjer å bu på einerom, kan søkje om dette når det nærmar seg skulestart. Tilleggsprisen for einerom er for tida på 7200 kr pr år. Dersom du har behov eigen diett, så vil vi gjerne prøve å tilpasse dette. Ekstra diettkostnadar vil som regel utgjere mellom 500-1000,- kr pr. månad. Prisen vil avhenge av om eleven har rett på grunnstønad for fordyra kosthald og om eleven har valgt ein frivillig diett. Til dømes vil offentleg støtta glutenfridiett koste 9200 kr pr. år, mens frivillig vegetardiett vil kostar 4500 kr pr. år. Matallergiar som ikkje gjev rett til grunnstønad vil generelt ikkje koste noko ekstra. 

 

Linjeprisar 2017/2018

Linjeprisen dekker alt opplegget på linja og varierar derfor mellom dei ulike linjene.

Tabell 3: Spesifisering av linjekostnader (som er inkludert i tabell 2, rad 4)

Linje Pris [kr] Merknad
Friluftsliv / Aktivitet 13800,- Det meste av det beste innan norsk friluftsliv
Friluftsliv / Ekspedisjon 18500,- Inkl. ma. linjetur til Svalbard
Friluftsliv / Jakt og fiske 20000,- Eit breitt spekter av jakt i Norge i tillegg til linjetur til Sverige
Friluftsliv / KRIK  23000,- Inkl. linjetur til Bali, Indonesia
Friluftsliv / Norske eventyr 20000,- Inkl. turar til Lofoten, Jotunheimen, Sunnmørsalpane...
Friluftsliv / Ski og surf 20000,- Inkl. roadtrip, på leit etter pudderparadis i heile Norge.
Friluftsliv / Vind og vatn 23000,- Inkl. linjetur til Bali, Indonesia
Friluftsliv / Fjellsport 21000,- Inkl. klatretur til Frankrike
Friluftsliv / Bu og fritid 14000,- Inkl. spenningskurs på Bjorli og linjetur

 

Prosjektveker

I løpet av året har vi fire veker med valfrie prosjekt og turar. Desse kjem i november, desember og mars. Mange av prosjekta er utan ekstra kostnad (td. skulerevyen i november). Du kan gå igjennom skuleåret uten å bruke noko ekstra pengar i prosjektvekene. Men ikkje alle prosjekta er gratis. Her er nokre av prosjekta:

Tabell 4: Prosjekt med pris

Prosjekveke Pris Merknad
Kurs i teikning og måling 1900,- Inkl. startpakke med maling, penslar, palett, palettkniv, lerret og malemiddel
Kajakkbygging 3000,-  
Klatretur til Frankrike 8000,- Inkludert i linjeprisen til Vertikalt (tabell 2). Tilsvaranade tur kan velgast som tilleggsprosjekt for dei andre linjene.
Trearbeid/longboard 0,- Dyrare dersom du treng mykje materiale (avhengig av kva du skal lage)
Kystveke 500,-  
Revy 0,-  
Praktisk uteprosjekt 0,-  
Vintertur (telt) 0,-  
Skianlegg i Norge 3000,-  
Julebakst 0,-  
Topptur/treningsleir 0,-  
Minibibelskule 0,-  
Ustyrslaging 0,- Dyrare dersom du treng mykje stoff (avhengig av kva du skal lage)
Smiing 0,- Dyrare dersom du treng mykje materiale (avhengig av kva du skal lage)
Kiting/topptur 800,-  

 

Valfag

Prisen på eit valfag vil variere frå kr 0 og opp til kr 3 000,-. Kajakkbygging kostar kr 3 000,- og er det dyraste valfaget - du får då med deg din eigen kajakk heim.

Vi vil tilby ca 40 ulike valfag. Mange av valfaga er gratis. Dei fleste elevane har seks valfag i løpet av skuleåret, og summen av utgiftene på alle valfaga vil for ein gjennomsnittselev vere på ca 1000. Vår erfaring at enkelte elevar vel dyre valfag, men for oss er det eit viktig at vi i alle dei tre valfagperiodane tilbyr mange valfag som er gratis, slik at dersom du vil spare pengar så er det muleg å bruke kr 0,- på alle dine valfag gjennom heile året.

Det du betalar for på valfaga er til dømes transport og forbruk av utstyr (når du lagar longboard, kniv, anorakk osv betalar du for råvarene til det du lagar). Informasjon om dei ulike valfaga får du etter at du har starta på skulen.

 

Betalingsplan: Fem avdrag

Faktura for den første av i alt fem innbetalingar blir sendt i posten når det nærmar seg skulestart. Denne fakturaen er på kr 10.000,-, og forfall er sett til 1.august. Dette beløpet inngår i skulepengane. Resten vert delt i ytterlegare fire avdrag med forfall omtrent på desse datoane: 15.september, 15.november, 15.jaunar og 14.mars. Du vil få den første utbetalinga frå Lånekassa 1-2 veker etter skulestart (vi sender liste til Lånekassa over frammøtte elevar) og deretter den 15. i kvar månad frå september til mai. Innbetalingane til skulen vil med andre ord ligge litt i forkant av utbetalingane frå Lånekassa. Dersom du manglar startkapital før skuleåret startar, kan du oppleve utfordringar med å betale rekningane i tide. Dersom  du får problem med å betale innan fristane, er det viktig at du tar kontakt med skulen slik at vi kan lage ein nærare avtale med deg. 

BILDESERIAR, TURRAPPORTAR OG ANNA FRÅ Friluftslivskulen