LUKK
Heim / Minsterbesøket


Minsterbesøket

Vi var altså så heldige at sjølve kunnskapsministeren stakk innom oss på tysdag 28.november




Den heilt usannsynleg fine november-månaden varta opp med ministerveir, og faktisk også dronningveir, for HKH Sonja var i Gloppen same dag. Meir om hennar besøk på vår naboskule finn du her på vestlandsrevyen  Medan alt dette foregjekk var våre folk i ferd med å førebu vår mottaking av ministeren. 

Etter å ha vore innandørs heile dagen var både Torbjørn Rød Isaksen og følget hans klare for ei oppleving utandørs. Og det fekk dei også. På fjorden låg kajakkar og dei gamle robåtane våre ute, og dermed vart det roing og shantysang utover mot Andenes. Sjølv om takta ikkje alltid var den heilt beste, var det veldig god stemning ombord, og die små isflaka som hadde lagt seg vart skubba fint til sides. 

I gapahuken venta ei gruppe elevar som hadde laga kaffi og dessert på bål, og serverte til gjestane. Tida gjekk med til å snakke om kva eit år på folkehøgskule betyr, kvifor folk valde å kome akkurat hit, og litt om planer framover.

Det var nok mange ting vi kunne ha vist fram- t.d. bygningar, skuleplaner og utstyrsrom. Det hadde sikkert vore fint det og. Men ein ettermiddag på fjorden slik som dette vart,- akkurat det trur og håpar vi vil sette annleise spor hos både Torbjørn og dei andre som var med. 

(foto: Marit Asheim)

Vi viser også til den fine artikkelen på folkehøgskole.no frå besøket:  https://www.folkehogskole.no/blogg/folkehogskole-er-et-modningsar

SAKER FRÅ ARKIVET