LUKK
Heim / Opplevingar / Volleyball, fjellheimen og havet


Volleyball, fjellheimen og havet

Dette er nokre av ingrediensane vi har vore borti no i veke 10.




Tradisjon tru har det vore volleyballturnering mellom dei ulike folkehøgskulane på nordvestlandet, denne gongen på Høgtun folkehøgskule i Torvikbukt. Og tradisjon tru har Nordfjord hevda seg bra i turneringa! Damene kom heilt til finalen, der dei med heiderleg innsats mot Sunnfjord fhs til slutt enda med sølvplass. Karane kom til bronsefinalen. Når ein tenkjer på kor lite treningstid det har vore siste tida er vi imponert over begge laga, og Nordfjords ære vart verkeleg holdt i hevd. 

 

Midt i skisesongen passar det bra med eit avbrekk ved havet, der det vart surfa og bada i aldeles nydeleg veir. Ukjente talent steig også fram: 

 

Talentfull ungdom på #nordfjordfhs 🏄🏼‍♀️ #fhsliv #nokresporvarerevig

A post shared by Pernille Wærstad (@pernillew) on

I Jotunheimen har både Ekspedisjon og Norske eventyr verkeleg fått prøve seg på godt gamaldags vinterfriluftsliv. Forsidebildet tatt av Åshild Lundh viser kva vi snakkar om! Årets kaldast natt i telt hittil, med 32 minus ved Tyin krev både godt utstyr og godt felleskap. Heldigvis hadde gjengen med begge deler, i tillegg til godt humør og griseflaks med været sånn generelt. Eigen turrapport frå turen kjem seinare, men vi må berre ta med dette biletet frå eine turdagen:

 

(foto: Sigrid Bruheim)

I helga arrangerte vi for først gong Open dag på skulen. Då kunne alle som ville kome og delta på aktivitetar, ete middag og drikke kaffi,  og kjøpe årer. Ein kjempefin dag, så her gjekk du muligens glipp av noko. Velkomen i 2018!

 

RELATERT INNHALD