LUKK
Heim / Opplevingar / Vintervår eller vårvinter


Vintervår eller vårvinter

Vi er litt forvirra på kva årstid det eigentleg er no, men eigentleg betyr det veldig lite så lenge forholda er SUPERFINE!




Tidenes vårsnøfall har gjort denne veka til ei av dei beste skivekene vi har hatt i år! Og det seier faktisk ganske mykje, for jammen har det blitt mange fine turar. Når ein klikkar seg gjennom #nordfjordfhs eller #nokresporvarerevig på Instagram forstår ein verkeleg for eit ufatteleg variert og flott skuleår vi er i ferd med å avslutte no. 

Både KRIK, Vind og Vatn, Ski og surf og Fjellsport har vore på toppturar denne veka. Jotunheimen, Sunnmørsfjell og Romsdalsstoppar har hatt besøk frå Nordfjord. For dei som syns det er litt kvalmande med skibilete i baris, kombinert med tiltakande brunfarge kan eg anbefale å scrolle litt vidare ned i teksten! Her er nemleg eit lite utval: 

 

 

Frå Blånebba, foto: Tirill Bråthen

Foto: Malin Thorberg

For nokre vart det faktisk slik at dei rett og slett valgte å hoppe over lunsjen midt i snømassene: 

 

Ikke hver dag vi hopper over lunsjen, men denne var virkelig verdt det! ☀️#fhsliv #nordfjordfhs #nokresporvarerevig

A post shared by Stian Gustafsson (@stiangus) on

 

Jakt og fiske har vore i Sverige, i nærleiken av Ørebro for å jakte på villsvin. Dette er spennande jakt som krev at ein er oppe både seint og tidleg, men som kan verte belønna med store øyeblikk når grisen fell. No er frysen full av deilig villsvinkjøt som garantert vert ein hit på grillen til sommaren.

Bu-og fritid har hatt sin siste linjetur til Barmen, ei øy i Selje kommune, og til Hakallegarden på Sunnmøre. Det var tett mellom høgdepunkta, men vi trur kanskje at noko av det aller kjekkaste som skjedde var då Didrik drog opp denne ruggen på stang! Ikkje rart at Magny linjelærar må vere med og bære. Nesten 7 kilo torsk! 

Ekspedisjon har fått vårsola i fleisen i Sollund i ytre Sogn, der dei har vore havkajakktur i eitt veldig fint padleområde (som forøvrig ikkje er så veldig kjent, heller)  Vi forstår godt det Karoline Solheim skriv her: 

 

Kajakk er verkeleg balsam for sjela☀#nordfjordfhs #fhsliv #friluftslivskulen #xped1617 #nokresporvarerevig

A post shared by Karoline Solheim (@karoline.solheim) on

Aktivitet og Norske eventyr skulle opprinneleg gå over Josten denne veka, men snøforholda tillet ikkje dette. Då vart det istaden ein tur på Myklebustbreen, der dei fekk oppleve både snøfokk og kulde, men ikkje minst ein herleg solnedgong. Heldigvis gjorde lærar Annichen det einaste rette då alle var på plass i soveposane,- nemleg å jage folk ut att for å sjå.  Ein hugsar slikt. 

 

 

RELATERT INNHALD