LUKK
Heim / Opplevingar / Vinterbasis-tur


Vinterbasis-tur

Ja, kva er det skal tru? Ein basis tur om vinteren? Ein tur med base i vinteren? Eller kan det vere noko anna basis?




Dette begrepet betyr på Nordfjord folkehøgskule rett og slett ein tur for å lære nokre basisferdigheter for å kunne opphalde seg i vinternaturen. Det betyr mellom anna å lære seg korleis ein kan bygge bustad i snøen, korleis minimere risikoen for frysing, matlaging og leirslagning i snøen. Ein del hadde gleda seg skikkeleg til å teste ut til dømes korleis ein bygger igloo, andre hadde kanskje ikkje sett så veldig fram til turen. Det var difor veldig artig å sjå at dei aller fleste hadde ein skikkeleg god-tur, der det var bratt læringskurve på bustadbygginga og veldig mykje hygge og magiske øyeblikk på campen om kveldane. Det ER fint med vinter og tur samstundes.  

(foto: Maria Aasdalen) 

På turen var det også med ein kar som heiter Matias Myklebust, som har laga mange av dei fine filmane vi har på skulen. Han drog med seg utstyret i pulk inn til leiren og fanga mykje av leirlivet på film. Berre å glede seg til å sjå det ferdige resultatet ein gong i framtida! 

Dei som har jobba med å bygge sin eigen kajakk er no komne så langt at dei har fått på lerretsduken kring "skjelettet" på farkosten. Det er verkeleg litt av eit putle-arbeid, og difor har dei vore på sløydsalen i staden for å vere på tur. Tolmodige damer og herrar som jobbar i veg! Og for eit flott syn det vert til våren når kajakkane skal på fjorden. Då er det verkeleg verdt alle timane med sying, fundering og snikkering. 

Heime på skulen var det ein liten gjeng som av ulike grunnar ikkje kunne vere med på turen, og som eit hyggeleg "velkomen heim" vart det servert kanelsnurrar til alle som kom frå tur. Her er det Stine som gjer klart til steiking:

 

Forsidefoto: Hanne Mikkelson

 

RELATERT INNHALD