LOGGBOKA 17.02.2018

Vindfullt og friskt!

Det er ein konge-vinter, inkludert ein og annan vinterstorm..

Trippel OBS-varsel på yr.no denne veka. Då skulle ein kanskje tru at det ikkje var mogleg å få til gode og trygge turar? Feil. Lærarane er kreative og fiksar gode opplegg, også når det er litt meir veir enn strengt tatt nødvendig.

KRIK brukte tida til å kite (som vi dessverre ikkje har bilete av her, men som funka bra) og på å gjere triks i lufta/slappe av under hoppkanten:

Nokre trur kanskje at ein ikkje brukar anna enn randoneeutstyr og stive plastsko på tur på Nordfjord. Dette er absolutt ikkje sant! Fjellskia lever, og fjellskia leverer! Ekspedisjon har vore på «retrotur», med tung sekk, bål og altså fjellski. Nydeleg friluftsliv!

På kysten ved Atløy hadde vi denne veka kombitur mellom Norske eventyr og Jakt og fiske. Tross mykje sjøsprøyt og kalde fingrar vart det ei kjempefin veke! Vi tar med vekas posering:

Aktivitet var strålande glade for å vere på tur i Sogndalsdalen,- der vinden etterkvart krevde bygging av leveggar og skikkeleg bardunering av telta. Men som først og fremst baud på deilig pudder og gode opplevingar.

Til slutt minner vi om at vi er i ferd med å ta opp neste års elevar! Følg oppfordringa i teksten på denne videoen: ikkje hopp over Nordfjord! (hugs lyd på filmen :D)

Forsidefoto: Marie Asdal