LUKK
Heim / Opplevingar / Vi startar innspurten


Vi startar innspurten

Frå påske til avslutning på skuleåret er det berre nokre få veker. Då gjeld det å få max utav alt saman.




Forsidebildet, som er tatt av Vilde Røed, viser altså kor koseleg folk syntes det var å møtes igjen etter påske. Full uttelling på gjensynsglede! 

Gjessene på Harøya har levd farleg siste veka, ettersom Jakt og fiske har vore på skadefelling i dei strøka. For dei fleste var dette første erfargin med gåsejakt, og til saman vart det med 15 gjess heim. Deilig middag i vente! 

Bu og fritid hadde ein fin dag på fjorden med mykje ausing av den gamle Nordfjord-båten. Faktisk gjekk det bortimot to mann på jobben heile tida, medan dei andre rodde. Vi satsar på å legge den ut dagen før til trutning neste gong!

Været i fjellet, kombinert med ein stengt Fjærlandstunell gjorde at ein del oppsøkte kysten. Og det angrar ein jo sjeldan på. Ved det nedlagde, men veldig sjarmerande og naturskjønne Hendanes fyr, vart det god tid til å vere saman midt i blæst og regn.

 

Fyr løs #fhsliv #vinjarvannjar #nordfjordfhs

A post shared by ⠀🐝 Sunniva Homleid (@sunnivahomleid) on

 Norske eventyr gjenomførte nok ei teventyr på Hardangervidda, før stormen kom og stengte heile vidda! Humndekjørng har vore ein draum for mange, og det vart veldig store smil om munnen på elevane då dei fauk avgårde med ivrige firbeinte føre seg.  Sjekk den stemninga:

 

Nest beste dagen i mitt liv #nokresporvarerevig #nordfjordfhs #fhslivet #fhsliv #folkehogskolene #fhs

A post shared by Ronja Amalie (@ronjawestereng) on

(foto: Ronja Westereng)

RELATERT INNHALD