LUKK
Heim / Opplevingar / I fjor og i år og til neste år


I fjor og i år og til neste år

Veke 4 foregjekk i Hemsedal, og folk bles heimover med uværet "Tor" rundt øyrene. Denne veka har det imidlertid vore snødump, fjorårstreff og nesten litt påskestemning.




Loggboka er no tilbake etter eit lite opphold. Mykje har skjedd og skjer kvar einaste veke, og vi kan melde om veldig god stemning på tunet, i telta, hyttene og holene.

Denne veka har vart det ein opptur at det brått kom skikkeleg mykje snø. Det passa fint å få fortsette å øve på teknikk og fart etter ei innhaldsrik veke i Hemsedal. Veldig mange har fått utvikle skiferdighetene mykje allereie dette skuleåret. Dermed vart det felles skidag i Stryn med mykje gode anledningar til både leiking og tryning. Her har du nokre illustrerande bilete:

 

 (Foto: Aina Minde og Endre Hovelsen)

Einaste linja som avstod frå skieventyr var jakt-og fiskegjengen som i staden la turen ut til kysten, til Atløy, på seljakt. Det vart ei spennande og utfordrande jakt med mange timar på holmar og skjær på post, store dønningar og til slutt 10 selar som måtte bøte med livet. Dette er ein type jakt dei færraste har prøvd før, og difor er det ekstra moro at det klaffar så bra. Tranlukta som følger med er vel i grunnen berre å reikne som parfyme i denne samanhengen.

 

Torsdagen starta fjorårstreffet, der dei som var elevar i 2014/15 kom heim att til skulen for ei heil helg. Her vil ein berre ha mest mogleg ut av dagane, og det var program både seint og tidleg. Vi sette i år ny rekord på fredagens topptur til Berdalsegga, då ein slange beståande av ca. 120 menneske kveila seg oppover fjellsida. På grunn av litt dårleg sikt vart det ikkje tur heilt til topps, men likevel ein tur å hugse

(Foto: Aina Minde)

 

Ski og surf-klassa hadde lagt ned eit stort arbeid med å legge til rette for eit spennande skicross-løp, Fjellbygda Open, som skulle skille klinten frå kveiten i høve til både guts og skills. Løypa viste seg også for å vere svært publikumsvenleg og med sol litt utpå føremiddagen vart dette ein suksess!

(Foto: Kjersti Melvær)

Dagen blei avslutta med foredrag i Kultursalen på Sandane, med Elise og Andreas Skagøy, som fortalde frå sitt år ute, og om korleis ein kan prioritere for å få mest mogleg friluft og villmark inn i kvardagane våre.

Etter nokre sånne dagar er det vel grunn til å tru at årets elevar allereie gler seg til neste år når det er dei som vert "fjorårs". Men det er heldigvis lenge til!

RELATERT INNHALD