LUKK
Heim / Opplevingar / Ute åleine-tur


Ute åleine-tur

Vi kallar det kokelagstur, som eigentleg betyr at det er første verkelege testen på korleis det går når ein slepper 130 elevar til fjells i små grupper.




På denne turen har elevane gjort planlegginga sjølve, under kyndig veiledning av lærarane. Så vert ein plasserte rundt i skulen sitt nærområde, med dagsetapper på omlag 5-20 km framføre seg.  To overnattingar, og så mange måltid og godteripauser ein ønskjer.  Nokre tok i alle fall med nok mat til turen: 

Sidan det denne veka har pøsa ned noko heilt betrakteleg var det ekstra spennande korleis gruppene løyste denne utfordringa. Jakt-og fiskeklassa var til dømes på tur i det området som hadde mest nedbør i heile Noreg frå onsdag til torsdag. I Eimhjellen i Hyen kom det ikkje mindre enn 69,5 mm regn. Vi gratulerer. 

Mange fekk testa både utstyr og pakkeskills, men først og fremst var det eit samarbeidsprosjekt. Når elva er litt ekstra djup er det fint å vere fleire. 

(foto: Leif Kjetil Gaukås)

Men sola kikka også fram. Og då alle kom heim att på fredag var det berre blide fjes å sjå, og det folk utan unntak sa var: Vi har hatt ein kjempefin tur! 

(foto: Endre Selvik)

Kva lærer ein på ein slik tur? Astrid Heimsjø oppsummerer: 

 

Meget lite utsikt, svært mye innsikt. #likerdere #detvarkaldt #tåkelaget #gådehus #fhsliv #nordfjordfhs #kjølebra

A post shared by Astrid Heimsjø (@astridheimsjo) on

 

RELATERT INNHALD