LUKK
Heim / Opplevingar / Stålis-vinter og fine gjensyn


Stålis-vinter og fine gjensyn

No har det vore ein lang og kald periode med sol i fjeset, og opplegg og opplevingar har stått i kø.




Det er nesten ingenting som er finare enn når gamle vener møtes igjen. Og dei som har gått på Nordfjord folkehøgskule saman vert ein ekstra sveisa gjeng, der mange lengtar skikkeleg tilbake. Forrige helg hadde vi fjorårstreff med høg gjensynsglede-faktor, mykje rangling og eit skirenn på knallhard skare med deltakarar både frå dette årets kull og forrige. Innsatsen var upåklagleg, sjølv om nokon forsvant inn i einebuskene med skia i alle retninga og enkelte ikkje fant igjen løypa. Ein knalldag i sola for både publikum og deltakarar! 

Vi hadde også foredrag på laurdagskvelden med Himmeljegerne. Om du får høve til å høyre desse foredragsholdarane er det berre å glede seg!  Sjekk nettsida deira: www.himmeljegerne.no

Denne veka har det m.a. vore Valentinsdag, og for mange er dette ein dag det knyter seg ekstra store forhåpningar til på ein folkehøgskule. For å verkeleg hjelpe folk litt på veg vart det arrangert felles linjetur med Norske eventyr (spekka med grepa kvinnfolk) og Jakt og fiske (like spekka med grepa menn) til Hyen på isfiske med camp på stålisen. Skjedde det noko? Redaksjonen er dessverre ikkje oppdatert. Alle ytre omstendigheter var i alle fall på Valentin si side, sjå berre på desse lekre bilete frå ein iskald kveld i Nordfjord: 

 

KRIK har vore på linjesamling med andre KRIK-linjer i Hemsedal denne veka. Mykje hygge og mykje felles læring, og ikkje minst gøy å høyre korleis andre folk har det på sine skular. 

(foto: Maria Døsrønningen)

Fleire linjer har vore på toppturar i det fine veret. Vi tar her med to bilete frå siste vekas turar. Vinteren er god når det kan vere slik! 

 

Er det ikke rart man kan kalle dette skole? #fhsliv #nordfjordfhs #mittfriluftsliv #glitregga #xped1617

A post shared by August Gautun (@agu5tg) on

Forsidefoto: Cecilie Eilertsen

RELATERT INNHALD