LUKK
Heim / Opplevingar / Skiveke i Hemsedal


Skiveke i Hemsedal

Felles skiveke for alle på skulen- det er god stemning!




Året på Nordfjord har nokre felles høgdepunkt, og veka i Hemsedal er eit slikt prosjekt. Då reiser alle saman over fjellet, og bur i bånn av bakken (ski in, ski out). Dagane går med til instruksjon, der alle vert delte inn i grupper med tilrettelagt opplegg i forhold til erfaring og utstyr ein velger å bruke. Både fjellski, alpint og randonee vert det gitt instruksjon på.  På ettermiddagen er det frikøyring der ein får testa sine nye ferdigheter og felles middag og kveldssamling til slutt. Knallfine forhold i bakken, masse moro, og mange nye triks og tips er plukka opp. Biletet under viser forørig to ting: a) Det var pudder, ja. b) Det blei litt tryning, ja.

(foto: Ruben Antonsen)

Det blir jo litt skibilde-spam utav ei slik veke, men det reknar vi med at dei fleste held ut! God helg! 

(foto: Marie Sløgedal)

 

(forsidefoto: Jon Kjetil Fossli)

RELATERT INNHALD