LUKK
Heim / Opplevingar / Reisetid


Reisetid

Tida frå no og fram til påske er prega av reising for fleire av linjene.




Vi har sendt avgårde ekspedisjonslinja til den store Svalbardturen, og dermed er også eit av dei store logistikk-eventyra i gong. Det er nemleg ikkje berre-berre å få alt av utstyr oppover, ikkje så veldig lenge etter at sist langtur (i Jotunheimen, du kan lese meir om dette her) var over. Pulkar, fellesutstyr, rifler og hagler, og i tillegg kjem alt av personleg utstyr. Det er bra å ha ei rutinert lærar som veit når ein bør gjere kva, og ei linje som er veldig flinke til å vere klar i tide. Stort sett. Vi har ikkje motteke bilete frå dei endå, men her er eit kart med reiseruta, og ein kort mld frå dei i går, laurdag, viser at alle har det bra og at dei følger ruta.

 

KRIK og Vind og vatn har reist på årets lengste reise, til Bali i Indonesia. Her skal det surfast, snorklast og lærast om balinesisk kultur og skikkar, og i tillegg vert det noko samarbeid med KRIK sitt senter i området. Noko av dette er også knytt opp mot arbeid ein barneheim. Vi ser at det tek til å dukke opp trivelege apekatt-og badebilete på instagram, og veit at her vert det både mykje god læring og fin fritid!

 

Blender inn blant Nemo og Dorri.#nordfjordfhs #vinjarvannjar #fhsliv

A post shared by vilderoe (@vilderoe) on

 

Nokre trivst i vatnet uansett temp., og her kjem eit skikkeleg monsterhopp frå nabolaget til skulen, faktisk omtrent rett under flyplassen. Kiler i magen, ja!

Ellers år livet sin vante gang her heime,- med opplevingar rett rundt hjørnet heile tida, for eksempel i fjøra med fluestang på jakt etter sjøørret: 

(foto: Øyvind Kvidbergskår)

Eller på ski i Honndalen: 

(foto: Åshild Lundh)

Forsidefotoet har  Kirsti Nesse tatt, og det er frå Hoddevikja på Stadt. Kort eller lang reise, det er mykje å fange på kamera om ein har blikket for slikt! 

RELATERT INNHALD