LUKK
Heim / Opplevingar / Prosjektveke i mars


Prosjektveke i mars

Årets siste prosjektveke er historie.




Det er litt rart at det allereie er begynt å bli "siste" av både det eine og det andre. Året går fort, og no er det berre 6 skuleveker igjen. Vi fyller som vanleg på med det beste vi kan finne på. 

Først vil vi gratulerer Norske eventyr og Ekspedisjon med vel gjennomført langtur i Jotunheimen. Det blei kjøleg, gitt. Men først og fremst ein utruleg lærerik og fin tur i vinterfjellet. Eit av årets barskaste bilete vart det også: 

 

Teltliv i -32° er overaskende nok behagelig #fhsliv #nordfjordfhs

A post shared by Endre Aasen (@endreaasen) on

Prosjekta denne veka var temmeleg forskjellege. Nytt i denne runda var Kort og godt,- ei variert veke med alt frå vannski og tubekøyring på fjorden til kakebakst og fine dagsturar. Her frå ein tur i Hjerteskogen i Trivselsskogen på Sandane:

  

(foto: Hanne Markegård) 

Ganske mange var på skidagar på Stranda. Det vart mykje forskjellege skiaktivitetar, bla. toppturar i fine sunnmørsfjell. Ja, vi må faktisk innrømme at det er fint på Sunnmøre, altså,- sjølv om det sit langt inne for nordfjordingar! 

 

Some of the finest of norway

A post shared by CASPER Ⓥ (@casperkrag) on

Eit nytt prosjekt var også Jølstravatnet på langs langs toppane. I nabokommuna til skulen ligg nemleg eit veldig flott turområde med mulighet til å gå riktig mange fine toppar undervegs.  "Eit megaprima prosjekt", som Anna Eggereie, ein av deltakarane, seier det. 

 

 

RELATERT INNHALD