LUKK
Heim / Opplevingar / Prosjektveke


Prosjektveke

Vi har denne veka gjennomført den tredje prosjektveka dette semesteret.




Vi prøver stadig vekk å gjere nye prosjekt og finne nye fine måtar å oppleve naturen på. I år har vi for første gong hatt Fyr-og kulturveke,- der ein har reist ytterst langs kysten frå Runde og sørover for å erfare været, overnatting på fyr, vinterbad i havet og mykje meir. Ein suksess!  Dette gjer vi gjerne igjen! 

Høyanger har vist seg for å vere ein plass med bra utsikter for gode treff, og ikkje mindre enn tre fine bukkar fall under jaktveka der inne. På biletet ser du to av desse,- og ikkje minst dei to glade jegerane. Arbeidet sluttar sjølvsagt ikkje før alt er partert, kjøttdeiga ferdiglaga og alt har kome på frys. Mykje deilig mat i vente, altså! 

 

Vi prøver å tilby så varierte prosjektveker som mogleg. Bibelskule-tilbodet er eit av desse tilboda, og denne gruppa har mellom anna testa ut ein retreatdag på Holmely. Stillhet, ro og ettertanke,- sjekdan vare på eit internat, men utruleg deilig! 

Innandørs har det vore bra trøkk både på sløyden og turkjøkenet.  Det er faktisk ganske kult å ha fått sjans til å lage sine eigne ski! Måndag stod dei med ingenting anna enn noko material framfor seg,- fredag var dei ferdige. TwistEm ski har vore instruktør på dette prosjekte

Andre har laga diverse gåver både til seg sjølve og andre. Utruleg mykje fint får ein laga når ein berre har kreativitet og god veiledning.

 

Julebakst-gruppa har konsentrert seg om pynting og tradisjonar, og har kosa seg noko skikkeleg. Nokre av oss andre har snike oss innom for ein liten smaksprøve i løpet av veka. Det vart aldeles prima greier.

 

Og så har vi sjølvsagt også hatt folk ute på ski. Forholda har vore nokså varierande veirmessig, men på Sørstranda er det heilt klart MYKJE snø. Lærar Lars-Ove har testa forholda, og virkar for å vere rimeleg fornøgd.

RELATERT INNHALD