LUKK
Heim / Opplevingar / Kortreist veke


Kortreist veke

Treng ikkje reise langt for å få store opplevingar




I tillegg til årets store veddugnad (og annan dugnad) har det vore mykje kortreist moro denne veka.

Jakt-og fiske reiste til Hyen, der det naturlegvis bøtta ned med regn,-men der hjorten også stod og lurte i lia. Nokre vart skikkeleg overlista. Sjå på denne glade jegeren!

 

(foto: Håvard Kvidbergskår)

Litt tørrare hadde dei som var på sykkel på Haugsvarden det. Dette er eit område vi brukar veldig mykje i løpet av året. Når ein ser utsikta frå parkeringsplassen, altså før ein har starta turen i det heile tatt, forstår ein at dette kjem til å verte ein fin tur: 

 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 

🚲🍁⛰ #nordfjordfhs #fhsliv

A post shared by Marie Klippen (@marieklipp1) on

Det er ikkje så verst litt lenger oppe i løypa heller.

 

(foto: Kristin Moengen) 

Som de ser på biletet er det kort veg frå fjellet til fjorden. Og der er det mykje aktivitet gjennom heile hausten. Her er to bilete frå ei vlgfagsøkt denne veka. Lett å forstå at Stine Glorvigen likar slike kvardagar! 

 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 

Hverdager er egt de beste dagene #fhsliv #nordfjordfhs

A post shared by STINE SLETTE GLORVIGEN (@stineglorvigen) on

Og så har vi dei som reiste bittelitt ut av kommuna og fekk oppleve Loen i eit nydeleg lys ein oktoberdag. Nordfjord, altså! <3

 

(foto: @eventyrglimt)

Forsidefoto: Oda Jess Langaas

RELATERT INNHALD