LOGGBOKA 19.03.2018

Kor fint vi har det!

Vinteren 2018 går inn i historia som ein av dei aller finaste på Vestlandet i manns minne.

No har sola steikt frå skyfri himmel i endå ei veke, og det er begynt å ta seg skikkeleg opp med både fregne-naser og solbrilleskille. Denne veka vart det til og med shorts på tur for nokon. Ikkje noko grunn til å vente til påske med å kose seg i påskesola, altså.

Denne veka har det vore felles topptur-veke, med base i Grøndalen mellom Honndalen og Austefjorden. Då har ein rikeleg med anledning til å traske rundt i fjellheimen, og sjølv om snøforholda var temmeleg harde somme stader vart det veldig bra. Her er eit lite galleri frå desse dagane.

Til slutt viser vi eit bilete av vekas høgste hengekøye-strekk,- Leif Kjetil har det luftig!

Forsidefoto: Trine Lia