LUKK
Heim / Opplevingar / Klimaendring


Klimaendring

I veke 2 skreiv vi om DEN KALDE FINE TIDA med fantastisk store mengder puddersnø her i Nordfjord, men no må vi dessverre rapporter om at den kalde fine tida brått vart erstatta av varm luft og regn.




Det er vel slik at vi må innsjå at FN har rett når dei seier at gjennomsnittstemperaturen aukar, og at det er eit resultat av menneska sitt store forbruk av naturressursar, CO2 utslepp og anna ureining. Her på Nordfjord folkehøgskule vil vi ha fokus på miljø og bærekraft, og eit av dei fem punkta i vår visjon er: Vi vil inspirere til ein gjennomtenkt livsstil.

Sjølv om vi fekk nokre dagar med regn, så ligg det mykje snø i fjella rundt skulen, og med litt justeringar fekk alle linjene gjennomført planane for veka.

Vi er no midt i andre valfagmodul, og på tysdag var det full aktivitet på valfaga: utstyrslaging, klatring, fjelljibbing/turnhall, jegerprøven, topptur/skred, trearbeid og kajakkbygging. Dei 11 kajakkbyggarane er no i sluttfasen på treramma, og om to veker må alle vere ferdige med trearbeidet, slik at dei i veke 5 får sy på seglduken.

img_2434

Bu og fritid hadde tysdag sin første dag på ski. Det er viktig å få teste skia før dei i neste veke skal vere med på fellesturen til Hemsedal.

På Flatefjellet, nord for Kleivane, har Vind og vatn fått utnytta vinden til kiting, Norske eventyr har hatt vintertur med pulk, Ekspedisjon gjekk gjennom isen: ”Siden dagen uansett lå an til å bli kald og våt, sendte eg klassen ut på tynn is.” (Lærar, Lars-Ove Eikje)

 

Jakt og fiske hadde leigt inn du erfarne harejegerar og nokre elevar fekk skutt sin første hare.

Aktivitet stakk av frå plussgradene i Nordfjord og reiste til Gol for å isklatre.

 

Iskalde nerver på høyt nivå i Aktivitet-klassen #nokresporvarerevig #nordfjordfhs

Et bilde publisert av Nordfjord folkehøgskule (@nordfjordfhs)

 

I tre dagar har Fjelllsport jobba i klatreveggen, der dei har skrudd opp klatretak til svært mange nye ruter. No er alt klargjort for årets Gloppenmeisterskap i klatring. Møt opp i morgon!

 

RELATERT INNHALD