LUKK
Heim / Opplevingar / Kan dette vere november!!?


Kan dette vere november!!?

Vi har lagt nok ei begivenhetsrik veke bak oss, der både vinteren og kunnskapsministeren har besøkt oss.




Vinteren har starta med skikkelege drømmeforhold i fjellet. Etter nokre dagar med kraftig snøfall har vi no hatt ein periode med kaldt og stabilt veir. Dermed har skia og dei store glisa vore på meir eller mindre jamnt siste tida! 

 

(foto: Vegard R. Andersen)

Midt i all skikøyringa fekk vi også pressa inn eit besøk frå kunnskapsminister Torbjørn Rød Isaksen. Du kan lese meir om dette her: ministerbesoket

Og så har vi hatt bistandsdagar både torsdag og fredag. Det betyr at vi prøver å løfte blikket litt frå vår eigen navle og situasjon, og i staden fokuserer ekstra på våre vener i Nepal, på sjukehuset i Okhaldungha. Elevane har vore ute i bygda på mange ulike oppdrag der folk leigar dei inn. Mest av alt har julevasken gått unna i mange heimar, og vi ser jo at 121 elevar får gjort TEMMELEG mykje på ein god arbeidsdag. Pengane renn inn til bistandsprosjektet!  Og det passar bra, for dei trengst. Her kan du følge med på alt arbeidet som skjer på sjukehuset:  

https://www.facebook.com/okhaldhungasykehus/posts/1730146730369752

(forsidefoto: Kjell Andre Nordbø)

RELATERT INNHALD