LOGGBOKA 03.03.2018

Kaldt, seier du?

Det var den vinteren det var minus 10 på den første vårdagen.

Nyheter frå heile landet melder om Sibirkulda,- austavær med masse sol og mange kalde grader. Det er godt at elevane har hatt heile vinteren på seg til å bli vant til både å kle seg rett og gjere ting riktig i kald veir. Ein riktig ting kan f.eks. vere å gjere som Markus Høst Hansen, å klinke til på hoppkanten:

Norske eventyr og Ekspedisjonsklassa er på 8 dagerstur i Jotunheimen, og dei får altså verkeleg prøvd vinterfjellets gleder og utfordringar.

Å surfe er i alle fall ikkje berre ein sommaraktivitet,- sjølv om det kanskje er litt mindre naglebit då…..Men sjå kor fine forhold Vind og vatn har hatt på Stadt denne veka:

Med sola vert dei fine nærturane endå finare. I fjæra nedanfor skulen koste aktivitetsklassen seg godt.

Skal ein ha god isklatring, må ein tole litt frysing også. Knallfin foss og gode læringsvilkår i Hemsedal for Fjellsport denne veka.

Til slutt tek vi med eit bilete frå kommunestyret i Gloppen som hadde sitt møte på Nordfjord folkehøgskule denne veka. Det er grunn til å tru at mange av desse eigentleg lengta ut istadenfor å sitte i møte.

Forsidefoto: Marie Asdal